GODT NYTT: – Reduksjonen er litt svakare enn tidlegare månader, men likevel godt nytt inn i sommaren, fortel direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes om nedgangen i arbeidsløysa junitala syner. Arkivfoto
GODT NYTT: – Reduksjonen er litt svakare enn tidlegare månader, men likevel godt nytt inn i sommaren, fortel direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes om nedgangen i arbeidsløysa junitala syner. Arkivfoto (Foto: NAV Sogn og Fjordane)

Nedgangen i talet på arbeidsledige held fram

Junitala syner færre arbeidsledige enn det på noko tidspunkt har vore i løpet av det siste året.

– Talet på personar heilt utan arbeid fell som venta også i juni.  Reduksjonen er litt svakare enn tidlegare månader, men likevel godt nytt inn i sommaren, fortel direktør for NAV Sogn og Fjordane, Tore Thorsnes i ei pressemelding.  

Det er no 846 personar som er heilt utan arbeid i fylket. Dette er 64 færre enn på same tid i fjor tilsvarande -7 prosent.  Med ei arbeidsløyse på 1,4 prosent har Sogn og Fjordane framleis lågast arbeidsløyse i landet, med Oppland nærast på 1,5 prosent. 

På landsnivå er arbeidsløysa redusert med 12 prosent frå same månad i fjor. Det er no 71 482 heilt ledige, tilsvarande 2,6 prosent av arbeidsstyrken.  

Artikkelen held fram under tabellen

SISTE ÅRET: Utvikling i arbeidsløysa siste året. Tabell: NAV Sogn og Fjordane
SISTE ÅRET: Utvikling i arbeidsløysa siste året. Tabell: NAV Sogn og Fjordane

Mange kommunar under ein prosent

13 av 26 kommunar i Sogn og Fjordane har reduksjon i arbeidsløysa i juni. Reduksjonen er størst i Bremanger og Vik.   

13 kommunar har ein prosent eller mindre arbeidsledige.

–  Dette er ikkje berre bra i den forstand at både næringsliv og offentleg sektor har store problem med å finne kvalifisert arbeidskraft.  Dette kan føre til at bedrifter som har utviklingspotensiale stagnerer, seier Thorsnes. 

Stor aktivitet og behov for arbeidskraft innan bygg og anlegg, industri og reiseliv er viktige drivkrefter i utviklinga vi no ser.  Det er berre innan helse, pleie og omsorg og kontorarbeid at vi registrerer ein liten auke i tal ledige, til saman 13, går det fram av pressemeldinga. 

Auke i stillingstilgangen i høve juni 2016

NAV har registrert 421 nye stillingar som er ein auke på 17 prosent, samanlikna med juni i fjor. Her er det framleis offentleg sektor som dreg lasset med til saman 200 stillingar innan undervisning, barne og ungdomsarbeid og helse, pleie og omsorg. Når bygg og anlegg, industri og reiseliv/ transport også går godt blir behovet for fleire arbeidstakarar stort. 

–Brorparten av desse stillingane krev spesifikk kompetanse noko mange av dei utan arbeid dessverre ikkje har.  Vi rettar no sjølvsagt våre opplærings- og kvalifiseringstiltak endå tydlegare inn mot dette behovet, fortel Thorsnes.

Til toppen