NEI TIL NEDLEGGING: Nedlegging av lensmannskontora i Årdal og Aurland vil føra til ein meir utrygg og meir usikker kvardag, meiner Stephan Øren og Anders Hamre Sveen.
NEI TIL NEDLEGGING: Nedlegging av lensmannskontora i Årdal og Aurland vil føra til ein meir utrygg og meir usikker kvardag, meiner Stephan Øren og Anders Hamre Sveen. (Foto: Truls Grane Sylvarnes / Arkiv)

MEININGAR

– Nedlegging av lensmannskontora gjer kvardagen meir utrygg og usikker

Nei til nedlegging av lensmannskontora i Aurland og Årdal, skriv Stephan Øren, leiar av Raudt Årdal og Anders Hamre Sveen, nestleiar i Raudt Sogn og Fjordane i dette meiningsinnlegget.

I avisa Klassekampen vert politiet sin eigen årsrapport nyleg referert. Den synte at nærpolitireforma har ført til motsett utvikling av det som var påstandane om kva reforma ville føre til.

Med nærpolitireforma vart talet på politidistrikt redusert frå 27 til 12, samstundes som 126 lensmannskontor vart lagt ned.

Konsekvensane av reforma for politiet har ifølgje rapporten vore auka responstid, fleire personskadar og lenger behandlingstid.

På tross av dette ser det dessverre ut som om ein skal halde fram i det same blindsporet her i Sogn og Fjordane. Politisjefen i Sogn og Fjordane, Arne Johannessen, vil leggje ned lensmannskontora i Aurland og Årdal.

Sakshandsaming tek lengre tid

Politiet sin nye årsrapport for 2018 syner at saksbehandlingstida auka med fem dagar i alle oppklarte saker i 2018, samstundes som politiet ikkje klarte å halde fristen i valdtektssaker, ungdomssaker og valdssaker med særskild frist.

Rapporten syner òg at talet på personskadar i etaten gjekk opp frå 442 i 2017 til 594 i 2018. Det var òg ei auke i uønska hendingar og avvik, frå 7101 i 2017 til 8218 året etter.

Raudt har vore imot nærpolitireforma heile tida, og desse tala syner at det har vi hatt all grunn til. Raudt vil ha gode nok offentlege tenester i heile landet.

For at politiet skal kunne utføre jobben sin på ein god måte, er lokal kunnskap og lokal forankring særs viktig. Vert politiet for sentralisert, så kjem det til å gå utover politiet sin kontakt med det lokalsamfunnet som dei skal tene.

Framlegget om å leggje ned lensmannskontora i Aurland og Årdal er dårleg politikk, og kjem til å gjere kvardagen litt meir utrygg og usikker, både for dei som arbeidar i politiet og for resten av innbyggjarane. Raudt seier difor nei til nedlegging av lensmannskontora i Aurland og Årdal.

Til toppen