ORDINÆR JAKT: Villreinstammen i Nordfjella på rundt 2.200 dyr skal i første omgang takast ut gjennom ordinær jakt i haust. Heile stammen skal vere borte før 1. mai neste år. Foto: Arnstein Rønning.
ORDINÆR JAKT: Villreinstammen i Nordfjella på rundt 2.200 dyr skal i første omgang takast ut gjennom ordinær jakt i haust. Heile stammen skal vere borte før 1. mai neste år. Foto: Arnstein Rønning. (Foto: Arkiv)

Nedslakting av villreinstammen vil koste 100 millionar

Villreinstammen i Nordfjella skal i første omgang takast ut gjennom ordinær jakt. Stammen skal vere borte innan 1. mai 2018. Prislappen er 100 millionar kroner.

  • Endret

Aurland: Villreinen i Nordfjella utgjer om lag 10 prosent av den norske villreinstammen. Torsdag var Mattilsynet og Miljødirektoratet klare med sine anbefalingar for korleis nedslaktinga skal skje for å stoppe spreiinga av den frykta sjukdommen Chronic Wasting Disease (CWD) – skrantesjuke.

Når alle dyra er skotne, skal heile området i Nordfjella leggjast aude i minimum fem år. I tillegg skal det opprettast ei smittevernsone rundt Nordfjella.

– I grove trekk skal heile villreinstammen takast ut som tidlegare signalisert innan 1. mai neste år. Det blir ein saneringsperiode på fem år før stammen blir reetablert med friske dyr, seier landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) til NTB.

– I første omgang gjer vi uttaket gjennom ordinær jakt som startar i august, og der jegerar i fjellet står for uttaket. Jakta går føre seg fram til utgangen av oktober. Deretter overtar eit statleg jaktlag den vidare jakta i området gjennom vinteren, på dagar der vêr og føreforhold tillèt det. Vi satsar på høgast mogleg uttak i primærjakta og deretter den statlege jakta, seier Dale.

Deretter blir det vurdert å samle dyra, drive dei inn i inngjerdingar og slakte i eit mobilt slakteri.

100 millionar

Det blir lagt opp til at jegerane raskt skal få svar på prøvane, slik at dei friske dyra kan takast med heim og dermed blir frigjort som mat. For å gjere jakta så effektiv som mogleg, stiller styresmaktene opp med tilbod om helikopterfrakt av kjøt og skrottar ut av villreinområdet.

– Målet er å få tatt ut mest mogleg innan utgangen av oktober. Jo meir effektiv og vellykka den ordinære jakta blir, dess lettare blir det å få stammen raskt sanert og deretter raskast mogleg bygd opp att, seier statsråden.

I revidert nasjonalbudsjett har regjeringa sett av over 26 millionar kroner i ekstraordinære middel til å kjempe imot skrantesjukeutbrotet i inneverande år. Dale seier totalkostnaden for uttaket og oppattbygginga av villreinstammen i Nordfjella er anslått til om lag 100 millionar kroner over fleire år.

– Regjeringa har vist vilje til å løyve pengar til dette, og det er både viktig og nødvendig at Stortinget også har slutta seg til. Dessutan brukar vi ressursane i Mattilsynet, Miljødirektoratet og andre etatar der dei trengst mest, seier Dale.

Internasjonalt ansvar

I Nordfjella vart det i fjor påvist tre tilfelle av sjukdommen. Det er første gong sjukdommen er påvist i Noreg og aller første gong hos rein. Skrantesjuke er også påvist hos to elgar, men sidan desse dyra ikkje går i flokk, blir spreiingsfaren rekna som liten.

Fagetatane anslår at det er snakk om berre mellom 5 og 40 dyr som er smitta av den ulækjelege hjernesjukdommen.

– Noreg forvaltar dei siste livskraftige bestandane av den opphavlege, ville fjellreinen i Europa, og har eit særleg internasjonalt ansvar for å ta vare på arten. Å hindre vidare spreiing av skrantesjuke er viktig for å bevare sunne og friske villreinbestandar i Noreg, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

– I tillegg til saneringsplanen for Nordfjella går det føre seg kontinuerleg testing og kartlegging av hjortedyr andre stadar i landar. Vi vil heile tida evaluere strategien og vurdere om ny kunnskap får konsekvens for uttaket av stammen, seier fagdirektør Karen Johanne Baalsrud i Mattilsynet.

Fakta om skrantesjuke

  • Skrantesjuka, eller CWD (Chronic Wasting Disease), er ein prionsjukdom som i fleire tiår har vore kjent hos ulike hjortedyr i Nord-Amerika. Den er 100 prosent dødeleg. 
  • Sjukdommen er påvist hos tre villrein og to elgar i Noreg. Dette er første gong sjukdommen er påvist i Europa. 
  • Det er ikkje rapportert tilfelle av overføring av CWD til husdyr. 
  • Sjukdommen kjem av ein unormal form av eit protein som kallast prionprotein. Den smittar truleg til andre dyr gjennom kontakt med kroppsvæsker. 
  • Hjernevevet får ein karakteristisk svampaktig utsjånad. Sjukdommen gir avmagring, unormal oppførsel, ukoordinerte rørsler, tap av kroppsfunksjonar og død. 
  • Mattilsynet gjekk 19. april inn for å avlive heile villreinstammen på rundt 2.200 dyr i Nordfjella, der sjukdommen er påvist, for å hindre smitte. 8. mai gav landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) si tilslutning til anbefalinga. 
  • Regjeringa har i revidert nasjonalbudsjett sett av 26 millionar kroner til nedslakting av villreinstammen. Totalt vil prosjektet koste rundt 100 millionar kroner over fleire år. 
  • Uttaket startar i den ordinære jakta i august i år. Deretter overtar eit statleg jaktlag i vinter, før det blir vurdert å samle dei i inngjerdingar til slutt. Heile stammen skal vere borte innan 1. mai neste år. Etter fem år skal stammen byggjast opp igjen med friske dyr. 
  • Nordfjella, eller Skarvheimen, er høgfjellsområda mellom Jotunheimen og Hardangervidda i Oppland (Vang), Buskerud (Hemsedal, Ål og Hol), Hordaland (Ulvik) og Sogn og Fjordane (Aurland og Lærdal).

(Kjelde: Veterinærinstituttet, SNL, NTB)

(©NPK)

Til toppen