MINDRETAL: For første gong på mange, mange år var Arbeidarpartiet i mindretal då det skulle røystast over budsjettforslag torsdag. Ein koalisjon av Senterparti, Høgre, Venstre og Miljøpartiet Dei Grøne sikra eit fleirtal for sine framlegg med 11 mot 10 representantar. Foto: Truls Grane Sylvarnes. 

Nedstemt: – Ein ny epoke i politikken i Årdal

– Eg hadde aldri trudd at dette kom til å skje når Arbeidarpartiet har hatt eit så stort fleirtal i alle år.

Årdal: Orda tilhøyrer Erling Offerdal. I ei årrekke har han representert Senterpartiet i kommunestyre og formannskapet i Årdal. Torsdag opplevde han noko han aldri hadde trudd ville skje.

For i staden for at Arbeidarpartiet, som alltid har hatt fleirtal, kunne leggje fram sine endringsforslag til neste års budsjett og få gjennomslag for desse, var det ein koalisjon med Senterpartiet, Venstre, Høgre og Miljøpartiet Dei Grøne som vann fram med sine saker. 

– Det er jo heilt eineståande. Det er ein ny epoke i politikken i Årdal og vil gjere det meir interessant å drive politikk her framover, seier han. 

OPPOSISJON: – Me er i opposisjon, og det må me forholde oss til i tre år framover, seier Hilmar Høl (Ap).
OPPOSISJON: – Me er i opposisjon, og det må me forholde oss til i tre år framover, seier Hilmar Høl (Ap).

I opposisjon dei neste tre åra

Hilmar Høl (Ap) fortel at han, som har vore med minst like lenge, innsåg plutseleg på talarstolen at Ap no er i opposisjon.

– Erling Offerdal har heilt rett i at det er ein ny epoke. MDG har sagt opp avtalen med oss, og då er fleirtalet på den sida. Sånn er det. Me er i opposisjon, og det må me forholde oss til i tre år framover, seier han til Porten.no.

Han er sterkt kritisk til punkta som vart lagt fram og stilte spørsmål kring kor pengane skal hentast frå. Med unntak av to av punkta, røysta Arbeidarpartiet nei til dei resterande ni, men mangla altså fleirtalet. 

– Samarbeider der me får gjennomslag

Som kjend, inngjekk Ap og MDG eit samarbeid etter valet i fjor, men det samarbeidet fekk seg ein kraftig knekk etter Hydropark-saka. Så kraftig at Sandra Opheim og partiet hennar no er med på å skape ein historisk augneblink i politikken i Årdal saman med Venstre, Høgre og Senterpartiet.

Artikkelen held fram under biletet.

SAMARBEID: Då budsjettet for neste år skulle vedtakast i Årdal, var det ein koalison av Høgre, Venstre, Miljøpartiet og Senterpartiet som vann fram med sine framlegg. Med 11 mot 10 representantar skreiv dei såleis historie i årdalspolitikken. Her frå eit gruppemøte undervegs i dagens møte.

– Me samarbeider der me får gjennomslag, og det er tydeleg at me har fått gjennomslag for grøne saker i dette framlegget. Det er difor me driv med politikk, seier Opheim til Porten.no. 

– Har de no ein skriftleg avtale om samarbeid i tida framover?

– Me ønskjer å setje ei litt ny retning på politikken, og det føler eg me klarar med dette framlegget. Det er positivt at me samlast om eit framlegg der alle har gitt og tatt. Det er vanskeleg å sjå inn i framtida. Kvar sak lever sitt eige liv, men ein skal ikkje sjå vekk frå at me snakkast seinare, svarar Kurt Jevnaker (V).

Mogleg med framtidig samarbeid

Han understrekar at alle partia har jobba sjølvstendig med budsjettet, og at på eit punkt var det naturleg å sjekke kva dei andre partia meinte og om det var mogleg å få til noko saman.

– Når fann de ut det?

– Det vil eg ikkje tidfesta. Det har modnast undervegs. Budsjettet er eit krevjande dokument å jobbe med. Når me ser moglegheita til å samlast om det me er opptekne av, er det uklokt ikkje å nytte seg av den moglegheita, seier Jevnaker. 

Også Arbeidarpartiet kom med forslag til endringar, men alle desse bortsett frå eit par vart nedstemt, slik dei vart i formannskapet.

– For vår del var det fordi me ikkje ville bruke av disposisjonsfondet, forklarar Opheim. 

Til toppen