NEI TIL UTSETJING: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner er negativ til å utsetje frista for å fatte eit vedtak i kommunereforma. Ønsket er spelt inn frå kommunar som ønskjer å vite utfallet av det nye inntektsystemet. Foto: Flickr/Kommunal- og moderniseringsdepartementet.
NEI TIL UTSETJING: Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner er negativ til å utsetje frista for å fatte eit vedtak i kommunereforma. Ønsket er spelt inn frå kommunar som ønskjer å vite utfallet av det nye inntektsystemet. Foto: Flickr/Kommunal- og moderniseringsdepartementet.

Negativ til utsetjing av reform-frist

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner er negativ til å la kommunar eller fylkesmenn få utsett frist for vedtak i kommunereforma.

Årdal/Lærdal: Bakgrunnen for spørsmålet som er kome til ministeren er at nokre kommunar ønskjer å vente med å fatte eit vedtak i kommunereforma til etter at det nye inntektsystemet er vedtatt i Stortinget i juni 2016. 

Utfallet av dette vedtaket vil få både negative og positive konsekvensar her i fylket. For Lærdal vil det gi auka inntekter, medan Årdal vil tape pengar. 

Etter planen skal alle kommunar ha fatta vedtak i kommunereforma innan 1. juli i år. Deretter skal alle fylkesmenn kome med ei oppsummering og tilråding om den framtidige kommunestrukturen innan 1. oktober.

– Prosessen i kommunereforma er lagt opp med sikte på at regjeringa skal legge fram ein proposisjon for Stortinget våren 2017. For at mitt departement skal kunne legge til rette for god sakshandsaming der alle relevante aktørar blir involverte, ser eg ikkje at fristane kan skyvast på for verken for kommunane eller fylkesmennene, skriv Sanner i eit brev.

Kompensasjon

Han ber kommunane merke seg at kravet innan 1. juli er å finne ut om dei i det heile ønskjer å slå seg saman med andre, og i så fall kven. 

I Sogn har det vore forsøk på samanslåing, men etter at Sogndal og Vik braut ut av storkommuneforslaget, går Årdal og Lærdal no gang med å få Aurland med i eit samarbeid på sørsida av Sognefjorden. 

– Eg er klar over at det frå statens side blir førebudd endringar på fleire områder som kan ha verknader for kommunane, og som kommunane kan ønskje at dei hadde full oversikt over før dei fattar vedtak. Når det gjeld den varsla endringa av inntektssystemet, har me gjennom inndelingstilskotet laga ei ordning som skal sikre kunnskap om framtidige inntekter for dei kommunane som slår seg saman. Dette tilskotet er ei langsiktig og særs gunstig ordning som kompenserer kommunar som har slått seg saman for ein reduksjon i rammetilskotet som følgje av samanslåinga. 

Usikkerheit for einslege kommunar

Den nye kommunen vil få fullt inndelingstilskot i 15 år, før tilskotet vert trappa ned over fem år. Sidan vi har varsla endringar i inntektssystemet med verknad frå 2017, har regjeringa avgjort at storleiken på inndelingstilskotet i reformperioden skal reknast ut på basis av inntektssystemet i 2016.

Dette betyr at kommunar som slår seg saman i reformperioden vil ha god kunnskap om dei framtidige inntektene for den nye kommunen.

– Dei kommunane som vel ikkje å slå seg saman med andre, vil måtte leve med større usikkerheit om framtidige inntekter. Dette skuldast ikkje først og fremst endringane i 2017, men i større grad at det i tiåra framover vil kunne bli mange endringar i både total økonomisk ramme for sektoren og i fordelinga av denne mellom kommunane.

Til toppen