VIL HA ENERGIRIKDOMEN PÅ NASJONALE HENDER: Hilmar Høl er sterkt i mot at Noreg skal slutta seg til energiunionen ACER. Men den 16. mars kan det hende hans eige parti røystar for dette. Gjer dei det, vert det fleirtal i Stortinget for denne føreslegne nye kursen innan norsk energiforvaltning.
VIL HA ENERGIRIKDOMEN PÅ NASJONALE HENDER: Hilmar Høl er sterkt i mot at Noreg skal slutta seg til energiunionen ACER. Men den 16. mars kan det hende hans eige parti røystar for dette. Gjer dei det, vert det fleirtal i Stortinget for denne føreslegne nye kursen innan norsk energiforvaltning. (Foto: Ina Eirin Eliassen)

MEININGAR

Nei til ACER er ikkje eit nei til EØS!

I dette innlegget går fylkesleiaren i Sogn og Fjordane AP mot mange av toppane i sitt eige parti, som gjerne ser at Noreg vert ein del av energiunionen. 

Sogn og Fjordane AP meiner at EØS-avtalen ikkje vil bli sett i fare om Stortinget seier nei til delar av den tredje energimarknadspakken, for eksempel ved å seie nei til uavhengig reguleringsstyremakt, også kalla RME.

Norge får kanskje delta mindre i arbeidet med EU sin indre marknad for energi, men kan framleis eksportere og selje energien vår til tredjeland dersom EU ikkje vil ha den.

Norsk olje, gass og kraft er svært attraktive varer for både EU og tredjeland, uavhengig av om vi deltek fullt ut i den indre energimarknaden eller ikkje.

– Handlar om avståing av suverenitet

Å slutte seg til EU si tredje energipakke kan gripe direkte inn i norsk energipolitikk. Etter Sogn og Fjordane AP si meining, handlar energipakken og ACER-forordninga om styresmaktoverføring og avståing av suverenitet. Vi er uroa for om den nasjonale råderetten er i behald når den skal verte utøvd etter pålegg frå ESA og ACER.

Det har blitt argumentert med at ESA sitt vedtak er retta mot nasjonale styremakter (Norges Vassdrags- og energidirektorat/NVE), og ikkje private, og at vedtaka dermed berre skal ha ein alminneleg folkerettsleg verknad for Norge. Etter Sogn og Fjordane AP si meining er ikkje det avgjerande for om tilslutning til den tredje energipakken krev Stortingsvedtak med simpelt fleirtal eller vedtak etter Grunnlova sin § 115.

Kritisk til at energipolitikk vil falla utanfor politikarane sitt bord

Sogn og Fjordane AP er aller mest kritisk til endringa av energilova som handlar om å oppretta ei uavhengig nasjonal reguleringsstyresmakt for energisektoren, også kalla RME. Lovframlegget legg opp til at store deler av NVE si regulering av energisektoren skal utførast av RME. Denne uavhengige reguleringsstyresmakta skal treffe vedtak i enkeltsaker, gje forskrifter og delta i ACER.

RME skal likevel ikkje kunne søke instruks eller verte instruert av regjeringa, og regjeringa skal ikkje kunne gjere om vedtaka til RME. Den praktiske realiteten er at RME vert eit EU-byrå og ikkje eit norsk forvaltningsorgan. RME skal setje i verk EU sitt energiregelverk i Norge og kan berre ta instruks frå ACER og EU-kommisjonen.

Denne ordninga inneber eit brot med norske forfatningsrettslege tradisjonar, der forvaltninga skal vere underlagt kontroll av regjeringa som igjen står parlamentarisk ansvarleg overfor Stortinget. Konsekvensen vil vere ei svekking av den demokratiske og politiske styringa og kontrollen på området. Det meiner Sogn og Fjordane AP er uakseptabelt på eit så viktig politikkområde som energisektoren.

Meiner Norge er betre tent med å nytta krafta til eksportbasert industri

Norge kan yte verdfulle bidrag til fornybarsamfunnet ved å foredle norsk vass- og vindkraft til framtida sine produkt. Å foredle den fornybare energien i nærleiken av der den vert produsert, gjev mindre tap og lågare transportkostnader. Vidareforedling av krafta i Norge aukar eksportverdien i langt større grad enn ved å eksportere råvara straum.

Trur ACER kan føra til høgare kraftprisar og høgare nettleige

EU sin energiunion femnar om ei rekke ambisiøse energipolitiske målsetjingar. Kva verknader desse målsetjingane vil ha for kraftprisane på lang sikt er vanskeleg å spå, men fri flyt av kraft kan gje europeiske straumprisar også i Norge.

Bygging av utanlandskablar krev investeringar i det bakanforliggande kraftnettet, noko som vil føre til auka nettleie nasjonalt.

Difor er det viktig at Statnett skal eige og drifte mellomlandsforbindelsane og at inntektene frå desse skal kunne brukast til å redusere nett-tariffane, samt til vedlikehald og utbygging av det nasjonale kraftnettet.

Difor meiner Sogn og Fjordane AP at den nasjonale styringa over energipolitikken må bestå.

Om Stortinget vedtek å slutte seg til den tredje energipakken føreset Sogn og Fjordane AP fylgjande:

· At Arbeidarparitet si stortingsgruppe røystar mot dei framlegga til endringar i Energilova som fører til opprettinga av ei norsk reguleringsstyresmakt for energisektoren (RME), som er friteken frå politisk styring.

· At Norge sine olje-, gass- og vasskraftressursar framleis skal vere det norske folket sin eigedom og skal komme heile samfunnet til gode.

· At eigarskapen til norske vasskraftressursar skal ligge fast, og minst 2/3 skal vere eigd av det offentlege.

· At norsk fornybar kraftproduksjon skal bidra til auka verdiskaping og sysselsetting i Norge og til å erstatte fossil energi med fornybar energi.

· At norske myndigheiter skal ha sjølvstendig kontroll over alle avgjerder med betydning for energitryggleiken i Norge, herunder vedtak knytte til «industri og utkobling av kraft».

· At konsesjonar/vedtak om eventuelle nye mellomlandsforbindelsar/utanlandskablar framleis skal vere ei suveren avgjerd fatta av norske myndigheiter. Eventuelle nye kablar skal vere samfunnsøkonomisk lønsame.

· At Statnett skal eige og drifte alle framtidige mellomlandsforbindelsar og at dette vert teke inn i energilova.

· At flaskehalsinntektene framleis skal kunne nyttast til å redusere nettariffane så vel som til å vedlikehalde og bygge ut det norske straumnettet.

Til toppen