Meiningar: Fylkeskonferansen til LO Sogn og Fjordane krev at eigedomsskatten på verk og bruk blir vidareført som i dag. Maskiner og kraftleidningar med tilhøyrande nettanlegg må framleis inngå i skattegrunnlaget som i dag. Dette er viktig for å sikre det kommunale inntektsgrunnlaget og tenestetilbodet i kommunane.
I framlegget til statsbudsjett for 2018, føreslår den blåblå regjeringa å endre eigedomsskatten på verk og bruk ved at produksjonsutstyr og installasjonar blir halde utanfor skattegrunnlaget. Det vert dermed berre tomter og bygningar som kan skattleggjast. Vidare førslår regjeringa å fjerne eigedomsskatten på kraftliner og tilhøyrande nettanlegg. Forslaget omfattar ikkje vasskraft- og vindkraftanlegg.
– Kommunane treng ein slik stasjonær skatt som ikkje lèt seg flytta
Eigedomsskatt er ei skatteordning som blir fagleg tilrådd både nasjonalt og internasjonalt. Dette fordi skattegrunnlaget er stasjonært og ikkje let seg flytte. Eigedomsskatten er også eit viktig insentiv for tilrettelegging for det lokale næringslivet. Mange stader er eigedomsskatt ein avgjerande føresetnad for at kommunane skal gje samtykke og akseptere store utbyggingar som t.d. kraftlinjer.
Kommunane taper skatt til staten om dei misser denne særskatten
Eigedomsskatten kjem til frådrag i grunnlaget for den statlige selskapsskatten. Dersom eigedomsskatten til kommunane blir redusert, vil staten få auka sine skatteinntekter som tidlegare har gått til kommunane. Ved reduksjon eller bortfall av eigedomsskatten frå verk og bruk vil skatten kome staten til gode framfor vertskommunane.
Store negative ringverknader for kommunane som vert råka
Forslaga vil få store negative økonomiske konsekvensar for mange kommunar. Alle norske kommunar med eigedomsskatt på kraftleidningar vil misse denne inntekta. Meir enn 100 kommunar som har store industriverksemder innanfor sine grenser vil også få redusert inntekta frå eigedomsskatten. Desse kommunane vil få eit samla tap på meir enn 1 milliard kroner.
Det er ein skatt med lange tradisjonar
Eigedomsskatt på verk og bruk har eksistert i over 100 år. Skatten har i alle år inkludert industrianlegg, prosessanlegg, energianlegg og infrastrukturanlegg. Maskiner og tilhøyrande har alltid inngått i som ein viktig del av skattegrunnlaget. For mange industrianlegg utgjer maskiner og utstyr hovudtyngda av grunnlaget for eigedomsskatten. Fylkeskonferansen til LO Sogn og Fjordane krev at eigedomsskatten på verk og bruk blir vidareført som i dag.
Med helsing
LOs Distriktskontor i Sogn og Fjordane