SAL AV NOREG: Hovudargument som Regjeringa har for å redusera det statlege eigarskapet er at Regjeringa ønskjer å leggje til rette for maktspreiing og auka privat eigarskap. Det er vanskeleg å sjå at utsal av statlege selskap vil styrka norsk eigarskap, skriv Hilmar Høl (Ap). Foto: Ina Eirin Eliassen. 
meiningar
SAL AV NOREG: Hovudargument som Regjeringa har for å redusera det statlege eigarskapet er at Regjeringa ønskjer å leggje til rette for maktspreiing og auka privat eigarskap. Det er vanskeleg å sjå at utsal av statlege selskap vil styrka norsk eigarskap, skriv Hilmar Høl (Ap). Foto: Ina Eirin Eliassen. 
meiningar

Nei til sal av Norge

Kvifor dei ville selje vart dårlig grunna, ut over postulat om at staten eig for mykje og at makta skal spreiast.

KOMMENTAR: I Solberg-regjeringa si eigarskapsmelding, som kom i 2014, ville Regjeringa ha fullmakt frå Stortinget til heilt ,eller delvis, å selje staten sine aksjar i selskap som Mesta, Flytoget, SAS, Kongsberggruppa og Telenor. Statskog skulle og privatiserast. Kvifor dei ville selje vart dårlig grunna, ut over postulat om at staten eig for mykje og at makta skal spreiast.

Hovudargument som Regjeringa har for å redusera det statlege eigarskapet er at Regjeringa ønskjer å leggje til rette for maktspreiing og auka privat eigarskap. Det er vanskeleg å sjå at utsal av statlege selskap vil styrka norsk eigarskap. Tvert imot vert det lagt til rette for at det blir eit større innslag av utanlandsk eigarskap i Norge. 

Arbeiderpartiet vil sikra offentleg eigarskap til, og kontroll over våre naturressursar og viktig infrastruktur. Vi meiner og at staten skal være ein stor eigar i strategisk viktige deler av norsk næringsliv, som Hydro og Statoil. Det statlege eigarskapet skal forvaltast på ein aktiv, dynamisk, og profesjonell måte, slik at vi sikrar auka verdiskaping, industriell utvikling og trygge arbeidsplassar. Det er eit problem at regjeringa vinglar i eigarstyringa, slik vi har sett i Statkraft-saken.

Dei som kom før oss sikra eigarskap til vasskrafta, og det har sikra fellesskapet betydelege inntekter. No skaper Regjeringa på nytt usikkerheit rundt det framtidige eigarskapet til Statkraft.  Dette skapar usikkerheit ved staten sitt eigarskap, og usikkerheit for selskapet. Regjeringspartia si styring gjer og at vi mistar moglegheiter og fart til å delta i den veksande fornybarmarknaden. 

Arbeiderpartiet meiner at Regjeringa sitt framlegg om delprivatisering vil setta arvesølvet på spel.  Vi er tydelege på at vi ikkje vil delprivatisera Statkraft. For oss er det viktig at Statkraft blir sikra langsiktig tryggleik for å kunne utvikle seg vidare som selskap i Norge og utlandet, og vi finn det heilt naturleg at private investerer saman med Statkraft i fornybar energi. Men det må skje utan at vasskraftressursane og inntektene frå desse vert teke ut av fellesskapet sine hender.  

Regjeringa si vingling kjem av at desse partia ikkje ønskjer eit offentleg eigd Statkraft: Det er ingen hemmelegheit at desse partia ideologisk ønskjer privatisering av vasskraftressursane – i staden for å utvikla vasskraftressursane saman til fellesskapet sitt beste. 

Hilmar Høl
Leiar, Sogn og Fjordane Arbeidarparti

Til toppen