MOTSTANDAR AV REGIONREFORMA: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde. Foto: Sogn og Fjordane Bondelag.
MOTSTANDAR AV REGIONREFORMA: Leiar i Sogn og Fjordane Bondelag Anders Felde. Foto: Sogn og Fjordane Bondelag.

MEININGAR

Nei til storregion på Vestlandet

Sogn og Fjordane er prega av mange positive trekk, sjølv om vi har mange samfunnstrendar mot oss.

KRONIKK: Vi har ein desentralisert skulestruktur, tilpassa ei spreidd busetting, med god skuleresultat både i grunnskulen og vidaregåande skulen.    Næringslivet er variert og i nokon grad konjunktur- uavhengig.  Vi har bedrifter som presterer både internasjonalt, nasjonalt og lokalt.  Det er lett å komme i kontakt med politikarane, og dei fleste viser god evne til å sikre utvikling i Sogn og Fjordane. I sum har vi ein «regional» offentleg sektor med fokus på utfordringane og moglegheitene Sogn og Fjordane har.

Bonden sin arbeidsplass er avhengig av garden der ho/han bur.  Verdiskaping og produksjon skjer med utgangspunkt i garden, og bøndene er difor heilt avhengig av tenestetilbodet der ein bur.

Regionreforma ser først og fremst ut til å vere tufta på at det er eit fleirtal på Stortinget som ynskjer større regionar, og ikkje på at utfordringane skal løysast på ein ny og betre måte. Reforma blir sentraliserande både når det gjeld politisk makt, og når det gjeld offentlege arbeidsplassar.  I intensjonsavtala står det at resursar skal prioriterast mot dei befolkningstette områda, med andre ord ei ytterlegare forsterking av det mange prosessar handlar om no for tida; sentralisere, sentralisere og sentralisere. Sjølvsagt skal vi ha ein effektiv offentleg sektor, men kvalitet i tenestetilbodet er enno viktigare.   Vi ser at offentlege etatar som blir svært store har ein tendens til å bli inn-effektive og slit med å halde kvaliteten i lovpålagde tenester. Er vi i ferd med å rigge offentleg sektor slik at ein er dømt til å mislukkast? 

Kan Sogn og Fjordane komme godt ut av eit samarbeid med to relativt folkerike fylker, som først og fremst har hovudfokus på sine by-utfordringar?    Vi er redd resursane blir prioritert på dei urbane utfordringar kring Stavanger og Bergen, og lite tid og krefter blir brukt på å gripe tak i utfordringane i Sogn og Fjordane.  Vi har fått til mykje i Sogn og Fjordane, men folketalsutviklinga har vi ikkje lukkast godt nok med.   Men kven kom på ideèn om å betre folketalsutviklinga i vårt fylke, ved å slå oss saman med dei to nabofylka ?

Innan landbruket har vi fleire ordningar vi fryktar ryk dersom det blir ein stor Vestlandsregion. Kvoteregionar, som i dag sikrar omsetting av mjølkekvotar innan kvart enkelt fylke, er eit av få geografisk retta verkemiddel vi har igjen innan landbruket. Investeringsstrategien i Sogn og Fjordane blir bestemt av fylkeskommunen, fylkesmannen, landbruksorganisasjonane og Innovasjon Norge.   Alle med auge og kunnskap på utviklinga i eige fylke.   Begge desse ordningane er vi redde blir sentralisert og ein vil prøve å treffe heile regionen, utan tre ulike verkemiddel i same region.

Framtida handlar om å utnytte resursane på ein betre måte enn i dag. Vi trur framtida nettopp er avhengig av at vi greier å skape verdiar kring om i heile landet. 

Då må resursane utnyttast i kvar ein «krik og krok» også i vårt fylke. Skal vi få dette til må vi ha ein offentleg sektor med kunnskap og evne til å bidra til utvikling av næringslivet, utdanningstilbodet og busetnad i distrikta.   Det er dette som er å vere «framoverlent» og offensiv.    Å tru at Norge skal bygge framtidig storheit gjennom å samle all makt i dei store byane som fokuserer på byutvikling, er gammaldags og konservativ tenking.

Sentraliseringa har gått for langt allereie, lat oss sjå fylkespolitikarar som peikar i ei ny retning.   Sogn og Fjordane Bondelag har klare forventningar til at Fylkestinget i Sogn og Fjordane seier NEI, til avtala om ein ny Vestlandsregion.   Fylkestingspolitikarane skal kjempe for innbyggarane i Sogn og Fjordane, lat oss håpe det gjer dette også i desembermøte, då saka skal handsamast.

Helsing Sogn og Fjordane Bondelag
Anders Felde

Til toppen