MYKJE VATN: I fjor sommar var det ein reell fare for flaum då snøsmeltinga plutseleg skaut fart. Slik såg Utla ut på det verste. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.
MYKJE VATN: I fjor sommar var det ein reell fare for flaum då snøsmeltinga plutseleg skaut fart. Slik såg Utla ut på det verste. Arkivfoto: Truls Grane Sylvarnes.

Neppe større vårflaum enn normalt

Vêret under snøsmeltinga er heilt avgjerande for korleis ein vårflaum utviklar seg. Med utgangspunkt i snømengdene er det neppe nokon landsdelar som vil få større vårflaum enn normalt i år, fortel NVE.

Årdal: – Snømengdene i år samanlikna med normalt kan seie noko om sjansen for stor vårflaum. Men vêrtilhøva under snøsmeltinga er heilt avgjerande for korleis vårflaumen faktisk utviklar seg, seier flaumvarslar i Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) Inger Karin Engen

I deler av Finnmark og i indre Troms er det meir snø enn normalt, her er sannsynet for stor vårflaum noko større enn normalt. Det er elles litt meir snø enn normalt i sørlege deler av Langfjella og i fjellet på Vestlandet.

På Austlandet og mesteparten av Trøndelag er det mindre snø enn normalt. I låglandet i Sør-Norge og Trøndelag er det meir eller mindre bart.

– Vi har sett døme dei siste åra på at mykje nedbør under snøsmeltinga, kan føre til skadeflaum i vassdrag sjølv om det er lite snø. Men vi har også sett døme på at store snømengder ikkje har medført større vårflaum enn normalt viss det har komme lite nedbør og moderat varme i smelteperioden, seier Engen. (©NPK)

Til toppen