Nesse møter for Sanden

Forfall hjå Sp til kommunestyremøtet der lagnaden for Ljøsne skule skal avgjerast.

Då representantane fann plassane sine klokka 9 mangla det ein fast representant for Senterpartiet: Britt Sanden. På hennar plass sette Lars Nesse seg.

Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) sa følgjande til Porten onsdag:

– Me er partiet som tydelegast kjempar for born og unge, sjølv om me kanskje ikkje klarar å halda oss samla her.  

Vidare at:

– Det er vel eigentleg slik at alt har slått inn på ei gong midt oppi denne så viktige diskusjonen om tilbodet for born og unge. Me har også hatt stor utskifting i kommunestyregruppa til Senterpartiet i det siste.

Les også: Det spøkjer for denne skulen

Britt Sanden blei valt om som fast representant for Sp i førre kommunestyremøte. Dei blei også Vidar Gram. Dei kom inn for Marit Breistøl og Johanne Gjesdal Mo.

Dette er dei 17 representantane som avgjer lagnaden for Ljøsne skule:

Sp:

  • Jan Geir Solheim  
  • Anders Voll Eltun
  • Viktor Yttri
  • Gro Starheimsæter
  • Stein Vidar Nemeth
  • Jens Reidar Ljøsne
  • Vidar Gram
  • Lars Nesse

Ap:

  • Kåre Mentz Lysne
  • Kristen Olav Grøttebø  
  • Audun Mo
  • Hallvard Lunden
  • Leiv Aasen

H:

  • Trond Øyen Einemo
  • Jarle Molde 

V:

  • Astrid Trulssen

SV:

  • Annike Renate Vanberg
Til toppen