NUMMER TO: Gutelaget til ÅTIL er nest best i fylket etter 1-0-sigeren mot Syril onsdag. ÅTIL havna bak Florø på tabellen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.
NUMMER TO: Gutelaget til ÅTIL er nest best i fylket etter 1-0-sigeren mot Syril onsdag. ÅTIL havna bak Florø på tabellen. Arkivfoto: Ingrid Nordbye-Antonsen.

Nest best i fylket

ÅTIL sitt gutelag avslutta med siger mot Syril.

Årdal: G15/16-laget til Årdalstangen IL slo Syril 1-0 borte onsdag kveld og sikra seg dermed 2. plassen i 1. divisjon gutar.

Dermed er ÅTIL det nest beste gutelaget i fylket, berre slått av Florø. Sistnemnde var allereie klare som kretsmeister før kampane vart spelt onsdag.

Kven som vart nummer to var ikkje avgjort, og det stod først og fremst mellom ÅTIL og Tornado Måløy. Med siger ville ÅTIL definitivt sikre 2. plassen, og siger var akkurat det dei fekk.

Florø toppa serien med 23 poeng, noko som er fem poeng meir enn gutane frå Årdal. 

Til toppen