Luster: I vinter gjekk over hundre bankar i Norge saman om å gjere Vipps til felles mobil betalingsløysing. Målet på sikt er at folk skal kunne bruke Vipps til all betaling og i alle situasjonar i framtida.

I desse dagar blir VippsGO lansert, ein funksjon i appen som gjer at lag og organisasjonar, småbutikkar og bedrifter selja varer og tenester gjennom mobiltelefonen.
– Det er snakk om å gjera dei fysiske butikkane om til nettbutikkar, seier banksjef Oddstein Haugen i Luster Sparebank i ei pressemelding.
Les også: Lokale bankar med i storsatsing på mobil lommebok
Når ein kiosk, frisørsalong eller restaurant har oppretta mobilbutikk i VippsGO, kan kundane velja produkt og betala direkte via mobiltelefonen. I appen får forbrukarane sjå bilete og informasjon om produkta og kan til og med betale før dei kjem til kassa. Så snart butikken registrerer førespurnaden, er handelen gjennomført.
– I praksis betyr det at mobilen blir det nye kassaapparatet, der korkje kort eller kontantar er nødvendig, seier Haugen.
– I dag går folk rundt med bankkortet i ei lomme festa til mobiltelefonen. Om få år kjem me til å le av kor meiningslaust det var. Det er nesten som å ha ei kuleramme festa til PC-en, seier banksjefen.