STORE PLANAR: Tre investorar ønskjer å gjera om Harastølen til eit kurs og konferansesenter. I slutten av mars bør dei fleste brikkene vera på plass.
STORE PLANAR: Tre investorar ønskjer å gjera om Harastølen til eit kurs og konferansesenter. I slutten av mars bør dei fleste brikkene vera på plass. (Bilde: Harastølen hotell)

Neste månaden blir avgjerande for planane om hotell på Harastølen

Investor trur sjansane for at restaureringsplanane blir noko av, er like store som at dei vert droppa. Dei fleste svara vil koma dei neste tredve dagane.

Luster: I november i fjor vart det kjent at tre investorar har planar om å gjera Harastølen, det nedlagte tuberkulosesanatoriet i Luster, om til hotell.

Den neste månaden kan bli avgjerande for om prosjektet blir noko av.

– I løpet av mars vil det falla nokre brikker på plass, som kan ha betydning for om det blir «go» eller ikkje, seier sørlendingen Terje Svindland, den eine av dei tre investorane, som enno held korta tett til brystet. Siste veka før påske vil dei ta turen til Luster og Harastølen, og Svindland reknar med at dei vil ha meir å melda frå om då.

Uansett er planen å restaurera første- og andretasje i hovudhuset. Dei vil innehalda restaurant, nytt resepsjonsbygg, konferanserom og 30-38 hotellrom. Etter kvart er ønsket å setta i stand alle bygningane på Harastølen.

Svindland driv i dag Kvåstunet, ein tidlegare folkehøgskule i Vest-Agder, som er omgjort til feriestad, kurs og konferansesenter med 120 sengeplassar. Slik sett har han erfaring med å blåsa liv i gamle bygg.

– Kor optimistisk er du no på vegner av planane i Luster?

– Femti, femti. Det kan bli noko av og det kan ikkje bli noko av. Det som skjer i mars, spesielt, kan bli avgjerande, seier Svindland.

Han legg til at dei har sett juni som ein siste frist til å bestemma seg. 

– Viss det framleis er lys i tunnelen då, så køyrer me vidare. Viss ikkje, så avsluttar me, seier Svindland.

Til toppen