KJØSNES: Prosjektleiar Svein Reidar Dale framfor tunnelinnslaget på Kjøsnes.
KJØSNES: Prosjektleiar Svein Reidar Dale framfor tunnelinnslaget på Kjøsnes. (Foto: Statens vegvesen / Ole Kristian Åset)

Neste veke blir Kjøsnesfjorden og Fjærlandstunnelen nattestengt

Grunna sprengingsarbeid i Støylsnestunnelen og Fjærlandstunnelen, blir Rv. 5 nattestengast mellom Kjøsnes og Bøyabreen i perioden 2. november til 19. desember.

Indre Sogn: I ei pressemelding opplyser Statens vegvesen at Støylsnestunnelen skal forlengast med ein 6,5 kilometer lang ny tunnel-del. Samla vil den nye tunnelen som får namnet Kjøsnestunnelen, bli på om lag 8,5 kilometer.  

– Tunnelen vil rassikre vegstrekninga langs Kjøsnesfjorden, frå Lundebotn til Kjøsnes. Dette arbeidet er godt i gang, og ein skal no starte sprengingsarbeidet som vil kople saman den nye tunneldelen med Støylsnestunnelen, seier byggjeleiar Sverre Kjos-Wenjum i Statens vegvesen. 

Hugs å sjekk nattestengingar før køyretur

Tunnelane blir stengt kvar natt frå måndag kveld klokka 23:00 til laurdag morgon klokka 05:30. Tunnelane vil vere opne for gjennomkøyring klokka 02:30 frå Kjøsnes og klokka 02:45 frå Fjærland.

I same periode kan vegen bli stengt i ein time mellom klokka 20.00 og 23.00, og i 30 minutt mellom kl. 05.30-20.00. Frå laurdag kl. 16.00 til måndag kl. 06.00 vil det vere fri ferdsel.

Dert er forventa gjennomslag på tunneldrivinga i Støylsnestunnelen litt før jul og på Kjøsnes noko tidlegare. Deretter startar arbeidet med å leggje røyr, byggje opp vegbane, vass- og frostsikre tunnelen, montere elektroutstyr og klargjere tunnelen for trafikk.

Arbeidet ved Kjøsnestunnelen vil derimot ta litt lenger tid. Dersom alt går etter planen, vil tunnelen stå ferdig og bli opna for trafikk hausten 2022.

Til toppen