Meiningar: Kampen om fjella hardnar til. Det er no eit «kappløp» mellom ulike firma om å sikra seg avtalar med grunneigarar i høve å byggja vindindustri i fjella i Masfjorden, Modalen, Alver, Gulen og Høyanger.
Folk for Fjella går no ut med informasjon om konkrete prosjekt der namngjevne firma har avtalar med grunneigarar eller har teke kontakt med grunneigarar.
- Les òg: Går vidare med vindkraftplanar
Oppmodar folk til å engasjere seg
Det viser seg at store delar av fjella våre er underlagt konkrete planar, med innteikna vindturbinar.
Oversikt over potensielle vindkraft områder
Norsk Vind AS / HordaVind AS: 235 turbinar
BKK / Zephyr / Matre Vind AS: 80 turbinar
Eolus Vind AB / Kringla / Kvamsdal: 50 turbinar
Eolus Vind av / Haugsdal / Andvik: 40 turbinar
Zephyr AS / Dalsbotn: 32 turbinar
Med ein varsla stortingsmelding om endra reglar for konsesjonshandsaming av vindkraftsaker før sumarferien, kan me risikera eit ras av saker og søknader i dei fleste fjellområda i Nordhordland, Gulen og Høyanger kan verte nedbygd til industriområde for vind.
Berre Norsk Vind AS sin eine søknad åleine vil medføra 235 vindturbinar på inntil 250 høgde. Dette vil krevja nærare 170 km ny veg med bortimot europavegbreidde.
Gå inn på karta og gjer deg kjent med kva område som er trua. Dei ulike firma «går no» frå grunneigar til grunneigar for å sikra seg avtaler før sakene vert allment kjent.
Folk for Fjella oppmodar folk til å engasjera seg.