Indre Sogn: I godt over eit år har Porten.no oppmoda lesarane våre til å dela bilete frå sitt liv med emneknaggen #MittPorten på Instagram. Kvar veke har me i redaksjonen valt vårt favorittbilete, og teke ein kjapp prat med fotografen.
Totalt 4858 innlegg har no blitt publisert med emneknaggen, og me har fått gode tilbakemeldingar på vår Facebook-side i form av kommentarar, likerklikk og delingar.
Me i redaksjonen tykkjer dette er veldig stas, og takkar for alle bidrag så langt i år. Nedanfor kan du sjå nokre av bileta som ha blitt kåra til #VekasFoto dei siste månadane.
Vil du dela eit bilete med oss? Bruk taggen #MittPorten på Instagram eller send til tips@porten.no.