SURREALISTISK: CWD-koordinator Lars Nesse skildrar heile situasjonen der ein skal skyta ned heile stammen på 2000 villrein for surrealistisk. Han oppsummerer jakta så langt.
SURREALISTISK: CWD-koordinator Lars Nesse skildrar heile situasjonen der ein skal skyta ned heile stammen på 2000 villrein for surrealistisk. Han oppsummerer jakta så langt. (Bilde: Truls Grane Sylvarnes)

Nesten ein fjerdedel av villreinen er skoten så langt i jakta: – Det er heilt surrealistisk alt saman

CWD-koordinator Lars Nesse oppsummerer jakta og det planlagte nedtaket av villreinen så langt.

Lærdal: Uttaket av villreinstammen på rundt 2000 dyr i Nordfjella er godt i gang. Rundt ein fjerdedel av stammen er teken ut så langt i den ordinære jakta, som varar ut oktober. 

Sidan jakta starta er det registrert 423 felte villrein. 372 av desse er tekne ut i sone 1, der skrantesjuka har blitt påvist. Men på grunn av eit etterslep på prøvar, meiner Nesse at det totale talet på felte dyr ligg litt over 500.

– Etter jakta starta er det funne to dyr med skrantesjuka. På begge dyra er det funne på lymfeknute, ikkje på sjølve hjerneprøven. Korleis ein skal tolka det, er jo ikkje så enkelt, seier han.

Sterke meiningar

Meiningane er mange og sterke om saneringa av villreinstamma i Nordfjella. Innan 1. mai neste år skal heile stammen vera utrydda. 

– Då me fann to som testa positivt tidleg i jakta, tenkte eg at dette må me berre få fekk, men sidan har det vore stilt, legg Nesse til og trur meiningane kjem av at «alle» har eit forhold til reinen.

– Ein ting er jakta som forsvinn ein periode, men den vil byggja seg opp at så lenge det er dyr. Men det er òg det å kunne gå i fjellet og sjå spor etter reinen. Det er liksom ei tilfreds kjensle når ein ser spor av reinen og kan tenkja at alt er som det skal.

Vil evaluere etter jakta

Nesse og Aurland kommune har bede landbruks- og matminister Jon Georg Dale (Frp) om eit evalueringsmøte når den ordinære jakta er over. Eigentleg skal Statens naturoppsyn i gang med eit ekstraordinært uttak då, men Nesse og kommunen meiner det bør gjerast ei evaluering først.

For det første at det det burde gjennomførast testar i andre villreinområde, og ikkje minst på anna hjortevilt samstundes med at nedtaket pågår, seier han.

– I denne saka får villreinen spesielt mykje fokus, men fokuset bør òg liggja på anna hjortevilt. Viser det seg at sjukdommen finst andre plassar, har me gjort villreinen i Nordfjella ein stor urett.

– Surrealistisk

Nesse stiller også spørsmål ved prøvetakinga, der prøvane vert tekne på ulike vis på ulike plassar. 

– Det er nesten så ein skulle tru at dei prøver å gjera det vanskeleg å finna skrantesjuka. Det burde ha vore éin testmetode. 

Han kallar heile situasjonen for surrealistisk. I området reinen oppheld seg er det gjort funn av forminne som går 8000 år tilbake i tid. Dette var menneske som kom trekkande etter villreinen.

– No gjer me tiltak for å fjerna alle saman. Det er heilt surrealistisk alt saman.

Til toppen