Fylket: Det syner tal frå Statistisk Sentralbyrå si årlege oppdatering for utlån. 47,3 prosent av lånetakarane i Sogn og Fjordane har lånet sitt i Sparebanken Sogn og Fjordane.
– Sparebanken Sogn og Fjordane var tidleg ute med å nytte nettbank og digitale løysingar til å følgje kundane ut og sikre vekst utanfor heimemarknaden. Dette har vore viktig for oss, men vel så viktig er den sterke og gode posisjonen me har i Sogn og Fjordane. Dette syner at me står oss godt i ein tøff konkurranse med både lokale og nasjonale aktørar, seier administrerande direktør Trond Teigene i ei pressemelding.
I første halvår av 2017 har utlåna til privatkundar auka med over 1 milliard kroner. Banken har ein 12-månaders vekst i utlån til privatkundar på 7,9 prosent.
Framgang på 30 millionar kroner
Med veksten i utlån kjem også vekst i andre inntekter som eigedomsmekling, sparing, plassering og forsikring. Eigedomsmekling Sogn og Fjordane set nok ein gong rekord i omsetning og er så langt lite påverka av uroa i eigedomsmarknaden som ein ser i Oslo.
I sum gir den gode veksten gode resultat. Banken har eit resultat før skatt på 239 millionar kroner i 1. halvår. Dette er ein framgang på 30 millionar kroner frå same periode i fjor.
– Den gode veksten og det gode resultatet gir banken kraft til å utvikle seg vidare, noko som er svært viktig for å oppretthalde Sparebanken Sogn og Fjordane som ein sterk, sjølvstendig bank med hovudkontor i Sogn og Fjordane, seier Teigene.