Fire oljeplattformer ligg i opplag på Ågotnes i Hordaland. Oljeindustrien er i fritt fall på grunn av rekordlåg oljepris, og få vil studere petroleumsfag. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK
Fire oljeplattformer ligg i opplag på Ågotnes i Hordaland. Oljeindustrien er i fritt fall på grunn av rekordlåg oljepris, og få vil studere petroleumsfag. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB scanpix / NPK (Foto: Arkiv)

Nesten ingen vil utdanne seg innan olje

Nesten 20 prosent fleire søkjer sjukepleiarutdanninga, viser tal frå Samordna opptak. Samtidig har søkjartalet til NTNU-studiet innan petroleum falle dramatisk. No får nesten alle plass.

Indre Sogn: Dei dårlege tidene i oljebransjen viser att i søkjartala. Ifølgje Norsk teknisk-naturvitskaplege universitet (NTNU) i Trondheim er det 31 søkjarar til dei 39 plassane innan petroleum. Det er ein nedgang frå 420 søkjarar til 53 plassar for tre år sidan, og frå i fjor er det ei halvering.

NTNU har derimot ein kraftig auke i talet på søknadar til blant anna kommunikasjonsteknologi og nanoteknologi, der det er 30 prosent fleire som vil gå.

Nedgang for teknologi

Samla sett er det nedgang i søkinga til realfag- og teknologistudium på 3,5 prosent frå i fjor, viser tala som Samordna opptak publiserte tysdag.

– Søkinga til realfagsstudium er stabil, men vi skulle gjerne sett at vi hadde halde nivået på søkinga til teknologistudia. Vi treng eit betydeleg tal teknologi- og realfagskandidatar for å lykkast med den omstillinga og verdiskapinga samfunnet treng framover, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Fleire enn nokon gong søkjer høgare utdanning. 132.000 søkjarar er ein auke på 3,2 prosent frå i fjor.

Uroa over grunnskulen

Til lektorutdanninga har søkinga auka jamt i mange år. Frå i fjor er auken 6,9 prosent. Til grunnskulelærarutdanninga for 5.– 10. klasse er det ein auke på 2,9 prosent, mens grunnskulelærarutdanninga for 1.– 7. klasse har ein nedgang på 11 prosent.

– Eg er glad for at søkinga til lærarutdanninga held seg stabil og aukar for ein del av utdanningane, men eg er uroa over nedgangen i søkinga til grunnskulelærarutdanninga 1– 7. Dersom søkinga til denne utdanninga ikkje betrar seg etter innføringa av femårig grunnskulelærarutdanning neste år, vil vi vurdere å sette inn særskilde tiltak, seier Røe Isaksen. (©NPK)

Til toppen