HAR FRAMLEIS TRUA: Lærdalsordførar Jan Geir Solheim (Sp) vil ikkje vera med på synsing om at det ser stygt ut for Hemsedalsfjellet fordi regjeringa har lagt måndagens pressekonferanse til Geilo. Arkivfoto: Ole Ramshus Sælthun   

– Nesten skremmande kor mykje vegvalet betyr

Rolla Lærdal har hatt i hundrevis av år som knutepunkt står på spel når regjeringa i dag legg fram si innstilling i valet mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda. Sjå direktesending frå pressekonferansen her!

Lærdal: – Det er nesten ein skremmande tanke, for dette har veldig mykje å seia. Knutepunktet Lærdal står på spel, den rolla har me alltid hatt innan samferdsle, seier ordførar Jan Geir Solheim i Lærdal.

For rundt klokka 13 i dag kjem regjeringa med si innstilling til valet mellom rv. 52 Hemsedalsfjellet og rv. 7 Hardangervidda som det nordlege hovudvegsambandet mellom aust og vest.

Sjå direktesending frå pressekonferansen nedst i artikkelen. Sendinga startar 12.30.

Aleksander Øren Heen (Sp) har uttrykt bekymring over at pressekonferansen er lagt til Geilo og at det er høgrepolitikaran Trond Helleland som skal leggja det heile fram.

Les også: No kjem svaret alle vegforkjemparar har venta på

Les også: Dette betyr vegvalet for deg

– Har vore så klare og eintydige råd frå Vegvesenet 

Den bekymringa deler ikkje Solheim.    

– Eg ventar framleis ventar at Hemsedalsfjellet blir vald. At dei reiser til Geilo for å leggja det fram kan tyda så mangt, eg vil ikkje vera med på synsinga om at det tyder Harangervidda. Her har det vore så klare eintydige råd frå Vegvesenet når det gjeld både pris og veglengd. Det skal gjerast tiltak på Hardangervidda også, som har med villrein og jernbane å gjera – det kan også vera ei årsak til at det er lagt til Geilo.

Sogndalsordførar Jarle Aarvoll er også klar på at det har mykje å seia for heile regionen og store deler av landsdelen at Hemsedalsfjellet blir vald:

– Den nordlege traseen dekkjer Vestlandet best. I motsett fall blir det ein «skuggenes dal» her, sa han til NRK.

Les også: Sogndalsordføraren: – Brua må koma ei gong

Les også: – Vegvalet kan framskunda tunnelen her

– Vegane har mykje å seia for regional utvikling

RV. 7-FORKJEMPAR: Dagleg leiar for Hardangerviddatunnelene, Harald Victor Hove, her under møtet der Vegvesenet for andre gong tilrådde Hemsedalsfjellet. Arkiv
RV. 7-FORKJEMPAR: Dagleg leiar for Hardangerviddatunnelene, Harald Victor Hove, her under møtet der Vegvesenet for andre gong tilrådde Hemsedalsfjellet. Arkiv

Harald Victor Hove, dagleg leiar for Hardangerviddatunnelene, håpar sjølvsagt regjeringa sin bodskap på Geilo i dag, måndag, er at Hardangervidda blir vald:

– Me håpar sjølvsagt på gode nyhende. Heile vegen har me meint at utgangspunktet i større grad burde ha vore tale om eit aust-vest-samband; det har vore for mykje tale om kortaste reisetid mellom Oslo og Bergen. For vegane har mykje å seia for regional utvikling.

Hove meiner også at det er viktig med ei løysing som så godt det let seg gjera tilfredsstiller både rv. 7- og rv. 52-forkjemparar. Fordi det då er større sjansar for at vedtaket som skal gjerast i juni også lever vidare etter stortingsvalet til hausten

– Me har snakka mykje med politikarar som ser at det er behov for tiltak på alle dei aktuelle vegane. Medan Vegvesenet har lagt opp til at «The winner takes it all», og vinnaren deira altså er Hemsedalsfjellet, håpar eg på ei løysing som ivaretek både oss og vår konkurrent, rv. 52. 

Les også: – Kan vanskeleg sjå at politikarane går mot dette

Les også: – Nok en skivebom fra Hopen

– Sterk politisk støtte viktig

Poenget er altså at Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029 skal vedtakast på Stortinget i juni, og det er då eit val mellom Hemsedalsfjellet og Hardangervidda blir gjort.

Men NTP-ane blir revidert. Det tyder at sjølv om eit fleirtal på Stortinget beståande av berre regjering og støtteparti no går inn for det eine eller det andre kan eit nytt samansett storting etter haustens val finna på å endra dette.

– Såleis er sterk politisk støtte viktig, og me vil ikkje verken jubla veldig høgt eller vera veldig skuffa i dag, uansett kva som kjem.

– Du har ei lang rekkje politiske verv for Høgre; med sin bakgrunn frå partiet har du kanskje fått nokre signal om kva som kjem på Geilo?

– Nei, her har dei halde korta tett til brystet. Å ha ein bakgrunn frå Høgre har ikkje hjulpe på her.

(Video med tillatelse frå NRK)

 
Til toppen