GÅR AV: Tor Erik Sveen gjekk onsdag av som leiar i Jotun og kasta ballen vidare til Arnt Moen som har vore nestleiar i to år. Foto: Arkiv
GÅR AV: Tor Erik Sveen gjekk onsdag av som leiar i Jotun og kasta ballen vidare til Arnt Moen som har vore nestleiar i to år. Foto: Arkiv

Nestleiar vart ny leiar i Jotun

Tor Erik Sveen gjekk av som leiar i Jotun under årsmøtet onsdag kveld.

Ny leiar i Jotun vert Arnt Moen som har site som nestleiar i to år.  Han takkar den avtroppande leiaren, Tor Erik Sveen, for god innsats som leiar i klubben.

Tor Erik Sveen går frå å vere leiar, til varamedlem i styret. Ny nestleiar vert Gunnar Huse.

Æresteikn for stort engasjement

Under møtet vart det også delt ut æresteikn til Kai Wigum og Ingeborg Hjelle for stort engasjement i idrettslaget.

Det var også tre nye til i styret. Økonomiansvarleg vart Siv Bakken, skrivarstillinga fekk Ruth Laberg og Anne Gunn Vigndal vart valt som miljøkontakt.

Desse posisjonane har dei fram til 2018.

Sponsorkontrakter ikkje på plass

- Sponsorkontrakter ikkje reforhandla enno og inntektspost for 2016 er difor usikker, seier Tor Erik Sveen. 

Han legg samstundes vekt på at det ikkje blir store endringar i inntekt og utgifter for idrettslaget.

 

Årsresultatet for idrettslaget var på nærare 750.000 kroner, men ei omsetjing på omlag 5 millionar kroner.

 

Eldsjelpris for unge

Det vart fremja forslag om oppretting av eldsjelpris for unge under 25 år.

Tilbakemeldingane på forslaget var tidelte. Nokre av dei 46 oppmøtte meinte dette var eit kjempe forslag, medan andre kommenterte at det allereie finst utmerkingar i klubbhandboka, statuttar og bragdstaup. Dei stilte spørsmål om  noko burde tilføyast i noko Jotun allereie har.

Det var sagt at dei utmerkingane Jotun allereie har, dekkar dette, men at det er viktig at leiarane tek tak i dette og melder inn eldsjeler.

Æresteiknkomiteen tek dette med forslaget tilbake i sitt vidare arbeid, og endrar vedtektene slik at dei vil omfavne desse to. Bragdstaup og eldsjelpris i eitt. Desse skal takast opp i hovudstyret, som skal vedta dette til slutt.

Endra medlemsavgiften

Det vart fremja forslag om å endra medlemsavgiften for familiemedlemskap under årsmøtet. Grunna ny lov for idrettslag, kom det som eit forslag at familiemedlemskapet skal dekka medlemskap for heimbuande born inntil 16 år.

Born over 16 år betalar ordinær medlemsavgift. Dersom familien er på over 4 medlemar, må ein betale kr. 100,- pr ekstra familie.

Dette vart einstemmig vedteke.

Til toppen