Sogndal: I dag tidleg like før klokka 08.00 fekk Vest politidistrikt melding om to vogntog som stod fast grunna glatt føre ved Hodlekve i Sogndalsdalen.
Bilane hadde sklidd inn i kvarandre, men ingen personar er skada.
Akkurat då dei skulle avslutte på staden fekk dei inn ein ny melding om ein lastebil som sat fast ved Frudalstunnelen på Fjærlandsvegen.
– Me er ikkje kome fram på staden endå, så me veit ikkje kva som har skjedd der. Det tar litt tid å kome seg opp dalen. Det har stoppa mange lastebilar på vegen for å ta på kjetting, som me må snakke med, seier Silje Høisæter, politi i Sogndal.
Kan bli litt venting
Dei to lastebilane som sklei inn i kvarandre ved Hodlekve er berga, og ingen er skada.
– Det var ikkje større dramatikk enn at dei sperra vegen, seier Dan Erik Johannesen, oppdragsleiar i Vest politidistrikt.
Trafikken skal gå som normalt, men han åtvarer for glatt vegbane. Statens vegvesen er varsla, men det kan ta litt tid før dei kjem på staden.
– Floken ved Hodlekve er løyst, men som nemnt står det mange lastebilar oppover dalen, så folk må ikkje sjå vekk frå at det kan bli litt venting, seier Silje Høisæter.