Sogndal: Tommy Dahlen hadde vore på tur, og skulle heimatt til Gol då han såg at ein bil stod i grøfta.
Saman med kameraten var dei først på åstaden etter den voldsame ulukka i Sogndalsdalen torsdag.
– Eg heiv meg ut av bilen, og spurte om det gjekk bra med dei. Det gjorde det med begge to. Det er det viktigaste, seier Dahlen.
Han stod saman med dei to, ein mann og ei dame, til naudetatane kom til staden. Bortsett frå det naturlege sjokket, såg dei ut til å ha kome frå det heilt utan alvorlege skader.
– Autovernet stod rett til himmels. Hadde dei hadde køyrt ein litt lågare bil, så kunne det fort ha gått mykje verre. Eg trur dei hadde englevakt, seier Dahlen.
- Les òg: Bustadhus i full fyr i Sogndal
Vegen vart stengd
Det var klokka 15.55 at politiet melde at ein bil med to personar hadde køyrt utfor vegen ved Storamyri i enden av Dalavatnet i Sogndal.

– Bilen står på hjul utanfor vegen. Naudetatar er på veg til staden, skreiv politiet på Twitter.
Klokka 17.43 melde vegtrafikksentralen at trafikken blir dirigert forbi ulukka. Tidlegare på kvelden vart det meldt om køar på Fjærlandsvegen.
– Det siste er dei to involverte personane er tekne med av ambulanse. Dei er karakteriserte som uskadde, sa Terje Magnussen ved operasjonssentralen til Vest politidistrikt i 17-tida.
Han kunne fortelja at føraren har krasja i eit autovern før utforkøyringa, og det var store materielle skader på både bilen og autovernet.
Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.
