ULUKKE: Ulukke på Kjørnes.
ULUKKE: Ulukke på Kjørnes. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Bil på taket på Kjørnes

Ulukke på Kjørnes mellom Sogndal og Kaupanger.

Sogndal: Politiet melder om ulukka på Twitter klokka 12:42

Ein bil har havna på taket og ligg delvis ut i vegbana.

ULUKKE: Ulukke på Kjørnes. Foto: Halvor Farsund Storvik

– Ein einsleg bil har køyrt ut av vegen og havna på taket. Det står tilsynelatande bra til med sjåføren, og han blir sendt til legesjekk no, seier Simen Brænd, innsatsledar i Sogndal, til Porten.no. 

Naudetatane er på staden, og bilbergar er rekvirert.

– Me har ope eit felt så trafikken går omlag som normalt. Det er litt forsinkelsar, men det går bra, seier Brænd. 

Til toppen