STENGT: Raset er ikkje spesielt stort, men fordi regnet held fram og mørket senkar seg har det blitt bestemt å ikkje starta oppryddinga før laurdag.
STENGT: Raset er ikkje spesielt stort, men fordi regnet held fram og mørket senkar seg har det blitt bestemt å ikkje starta oppryddinga før laurdag. (Foto: Porten.no-tipsar)

Fylkesveg i Aurland stengt av ras

Det melder vegtrafikksentralen på Twitter klokka 21.30.

Aurland: Fylkesveg 242 mellom Aurland og Skjerdal er stengt ved Gjeldajuv. 

RAS: Vegen mellom Aurland og Skjerdal er stengd. Foto: Skjermdump/Google Maps

– Eit jord- og steinras sperrar heile vegen. Vegen blir ikkje opna i dag, seier Monica Øksengård ved Vegtrafikksentralen vest.

Ho fortel at entreprenøren er på veg for å sperra av vegen. Ryddinga vil tidlegast starta i morgon.

Har du tips eller bilete frå hendinga? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.

Til toppen