ULUKKA: Ulukka skjedde i Marifjøra mellom Hafslo og Gaupne.
ULUKKA: Ulukka skjedde i Marifjøra mellom Hafslo og Gaupne. (Foto: Skjermdump/Google Maps)

Mann i 80-åra sendt til legesjekk etter kollisjon mellom bil og minibuss

Ikkje meldt om alvorlege personskadar, opplyser politiet.

Luster: Klokka 12.45 kolliderte ein bil og ein minibuss ved Marifjøra i Luster, politiet fekk melding om ulukka 13:30.

Føraren av bilen, ein mann i 80-åra, er no sendt til legekontoret i Gaupne for sjekk. Passasjerane i minibussen er uskadde. 

– Det er no kontroll på staden, og det er ingen personskade, men der materielle skader på bilane, og airbaggane vart utløyste. Bilane er no henta av bilbergar, seier operasjonsleiar Tatjana Knappen, til Porten.no klokka 15.00.

Tilfeldig

Brannvesenet kom tilfeldigvis forbi og varsla politiet om ulukka, fortel Knappen. 

– Dei valte å melda det til oss sidan bilføraren var over 80 år gamal, og ønskte at han skulle få tilsyn frå helse, seier ho.

Ein tipsar fortel til Porten.no at ulukka skjedde i Røneidstunnelen. Minibussen var frå Sogndal Taxi.

Til toppen