STENGT: Lærdalstunnelen er stengt inntil vidare.
STENGT: Lærdalstunnelen er stengt inntil vidare. (Foto: Arkiv)

Lærdalstunnelen open for trafikk

Nettfall i strømnettet har ført til stengt tunnel og innstilte ferjer laurdag ettermiddag.

Lærdal: No går begge ferjene att, og Lærdalstunnelen er open for trafikk, seier Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen. 

Grunna nettfall i strømnettet var E16 Lærdalstunnelen stengt ein periode på ettermiddagen laurdag. 

Ferjesambandet Mannheller-Fodnes var òg innstilt som fylgje av dette.

Ketil Molvær ved vegtrafikksentralen sa klokka 15:43 at straumen er tilbake i Lærdal.

– Me har ikkje fått beskjed om når Lærdalstunnelen opnar att, men eg trur det vil ordna seg snart. Dei visste ikkje kva feilen var, men dei jobbar med det, seier Molvær. 

Saka blir oppdatert.

Til toppen