SA JA: Politikarane gjekk for å reparera friluftsbadet på Årdalstangen.
SA JA: Politikarane gjekk for å reparera friluftsbadet på Årdalstangen. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

Politikarane har tala i bassengsaka

Seier ja til å reparera friluftsbadet på Årdalstangen.

Årdal: Mot èi stemme vedtok kommunestyret i Årdal torsdag å reparera friluftsbadet på Årdalstangen for 3,4 millionar kroner. Det sjølv om summen var langt dyrare enn den millionen politikarane hadde sett av frå før.

– Dette er eit kjempetiltak for å få liv på Årdalstangen, spesielt for ungdomen. Eg håpar på ope basseng til våren og at me får glede av det alle mann, sa Knut Arne Klingenberg (H). 

Sjølv om det vart eit klart fleirtal, mangla det heller ikkje på kritiske røyster i salen.

Kritisk til saksandsaminga

Den mest konsise formuleringa frå talarstolen var det Bjørn Havro (Sp) som leverte.

– Det er dyrt med èin tilbydar, det er dyrt med reperasjonar, det er dyrt med valkamp. Eg håpar årdølene er glade i å bada, sa han, men stemde likevel for når det kom til stemmegivinga.

Den eine som stemte mot var Kurt Jevnaker (V).

– Det er ei misoppfatting at Venstre har vore mot basseng på Tangen, men det er eit par ting eg stussar på i saka. For det første tykkjer eg det er fornuftig å prøva å få inn fleire enn èin tilbydar. Når me først skal bruka såpass mykje pengar, så bør me vera nokså sikre på at prisen er rett, sa Jevnaker, som òg tykte det burde vurderast om det var mogleg å søka tippemidlar.

Thomas Norheim Moen (Sp) var blant dei som var kritisk til sakshandsaminga, ikkje minst tidsbruken. Ti månader har gått sidan kommunestyret gjorde vedtaket om å reparera, til dei fekk vita kva det kosta.

– Eg tykkjer det er utruleg synd at me sit att med éin pris og éin tilbydar, og at me ikkje får ei betre sak enn dette på bordet, sa han.

Mista ein tilbydar

Rådmann Olve Fossedal sa han tok kritikken til orientering, men ikkje til etteretning:

– Det er sjølvsagt ikkje noko kjekt at den eine tilbydaren, som gav oss håp om at me kunne sleppa unna med éin million, har trekt seg. Så får den som vil, sjølv spekulera i årsaka, sa rådmannen.

Han sa at kommunen hadde jobba så fort som råd, og at dei framover òg vil gjera det dei kan for å halda kostnadane nede. Sjølv utan å sitta på dei sterkaste forhandlingskorta.

– Det å tru at me kan greia å trekka kalkylane noko særleg ned, det er å tru på han med raud lue i desember. Men kommunestyret treng ikkje tvila på at administrasjonen vil gjera alt me kan, sa Fossedal.

Viktig for symjeopplæringa

Stein Idar Sem-Johansen løfta fram kor viktig det er at ungane har fasilitetar dei dei kan læra seg å bli trygge i vatnet. Han siterte statistikk som viser at Norge er verstingen blant dei nordiske landa når det gjeld å læra opp trygge symjarar.

– Det er dei første øyeblikka som tel, om panikken tek deg, eller du handlar rett når du treff vassflata. For mange kan symjeopplæring vera forskjellen på liv og død, sa han.

– Lat oss stemma ja til dette no. Eg håpar at bassenget får leva til evig tid, la han til.

Sjølv om debatten vart oppheita, var det eigentleg aldri tvil då tida var komen for å tella opp stemmene. Berre Venstre stemte mot tilrådinga til rådmannen, som altså sjølv er skeptisk til eige forslag.

Til toppen