NETTET TOK DET MESTE: Bjørn Indrebø, kontrollingeniør i Statens vegvesen, seier at mesteparten av raset gjekk i fjorden og at nettet tok det meste av resten. Ei blokk på 70 kubikk, om lag 5 x 5 x 2 meter hadde losna på cirka 700 høgdemeter.
NETTET TOK DET MESTE: Bjørn Indrebø, kontrollingeniør i Statens vegvesen, seier at mesteparten av raset gjekk i fjorden og at nettet tok det meste av resten. Ei blokk på 70 kubikk, om lag 5 x 5 x 2 meter hadde losna på cirka 700 høgdemeter.

Blokk på 70 kubikk losna ved Finnsåstunnelen - fjorden og nettet fekk det meste

Ras ved Årdalstangen stengde vegen i fleire timar.

Årdal: Klokka 18:13 melder Statens vegvesen at vegen er opna for trafikk etter.

Rundt klokka 15.00 laurdag blei det observert ras mellom Finnsåstunnelen og Kolnostunnelen i Årdal. Vegen var fri for stein, men blei stengt i påvente av vurdering frå geolog.

– Me har sjekka med geolog og vurdert at det er trygt å late bilane kjøre forbi, så får me sjå etter helga om me gjer noko meir, seier Bjørn Indrebø, kontrollingeniør i Statens vegvesen. 

Ved 18-tida studerte han og geologen raset frå eit helikopter. Indrebø seier at ei blokk på rundt 70 kubikk hadde losna frå om lag 700 høgdemeter.

– Mesteparten var gått i fjorden. Sleppunktet var greitt, det er ein rasstad. Det som kjem i gropa ned, vil felle ned. Det som sprett, vil bli fanga i nettet, seier Indrebø. 

Sjåfør: – Såg ei sky av røyk 

– Eg køyrde til Vikadalen rett før raset gjekk, og då eg kom tilbake, såg eg ei sky av røyk oppi fjellsida. Så kom steinen, fortel Leif Haugo frå Seimsdalen. 

Han var den første personen som kom til raset.

– Eg tenkte at hadde det ikkje vore for at eg prata meg vekk i Vikadalen rett før, så kunne eg havna i raset. Det er jammen snakk om små marginar og sekund, seier Haugo.

Det var omkøyring via E16 Filefjell og fylkesveg 53 Tyin-Årdal. Ellen Harrison stod att aleina ved tunnelen etter raset og kunne opplysa om mange som valgte å køyra rundt i staden for å venta på opning.

Til toppen