SKOGBRANN: Det brenn godt i graset og lyngen oppi fjellsida i Aurland.
SKOGBRANN: Det brenn godt i graset og lyngen oppi fjellsida i Aurland. (Foto: Jeanette Haugen)

Skogbrann i Aurland

Gras- og lyngbrann cirka 100 meter oppe i fjellsida.

Aurland: Det har brote ut skogbrann i Aurland ovanfor Undredal. Det fortel ein tipsar til Porten.no.  

– Det spreiar seg fort, og brenn godt. 

Politipatrulje rykka ut til staden, og eit helikopter har drive med sløkkingsarbeid. 

BRANN: Ein Porten-tipsar ser rett over til skogen der det fortsatt brenn godt oppe i fjellsida. Foto: Siri Terum Skarsbø

Vinden aukar spreiingsfaren

Til NRK seier vaktleiar ved Alarmsentralen i Sogn og Fjordane, Oddbjørn Aune, at området ligg vanskeleg til og at vinden aukar spreiingsfaren.

– Viss helikopteret kjem rimeleg raskt, kan vi klare å få sløkt brannen før den kjem opp på sida og opp på fjellet. Vi håpar å halde den nede i fjellsida.

Til toppen