ULUKKE: Her blir ulukkesbilen frakta ut av tunnelen av ein bergingsbil.
ULUKKE: Her blir ulukkesbilen frakta ut av tunnelen av ein bergingsbil. (Foto: Porten.no-tipsar)

Bil køyrde i tunnelveggen – fleire til sjukehus

Fodnestunnelen er opna att etter trafikkuhellet.

Lærdal: Klokka 16.18 melde politiet at Fodnestunnelen mellom Lærdal og ferjekaia Fodnes er stengt grunna eit trafikkuhell. 

LANGE KØAR: Det danna seg langa køar då Fodnestunnelen vart stengt. Foto: Porten.no-tipsar

Politiet opplyser at ein bil er involvert, og at tre personar er sende til sjukehus. Helse Førde AMK melder derimot at to personer har blitt køyrde til lokal legevakt med ambulanse.

Politiet vil etterforska saka.

Til toppen