ULUKKE: Det er i Berdalstunnelen i Aurland ulukka har skjedd.
ULUKKE: Det er i Berdalstunnelen i Aurland ulukka har skjedd. (Foto: Google Maps/Skjermdump)

Trafikkulukke på Riksveg 50 - vegen er stengd

Trafikkulukke med tre bilar involvert i Aurland.

Aurland: Klokka 15.58 meldte Vest Politidistrikt på Twitter at tre bilar er involvert i ei trafikkulukke i Stondaltunnelen på Fylkesveg 50 i Aurland. Seinare melder dei på Twitter at det er feil, og at ulukka har skjedd i Nesbøtunnelen på Riksveg 50.

Operasjonssentralen til politiet melder no at det er i Berdalstunnelen ulukka har skjedd. 

– Brannvesenet er kome på staden og personen som var fastklemd er frigjort og skal vera bevisst. Luftambulanse og politi er på veg. Den eine bilen ligg på taket og vegen vil vera stengt inntil vidare.

Ein person til sjukehus

Operasjonnsentralen opplyser klokka 17.10 om at ein person er sendt til sjekk på Førde Sentralsjukehus.

– Det var totalt fem personar fordelt på tre bilar, og fire av dei er uskadde. Bilbergar er no på veg til staden.

Har du tips eller bilete? Send på SMS til 90703711 eller tips@porten.no.

Til toppen