Luster: Politiet fekk melding ulukka klokka 09:15.
– Ein lastebil har velta. Ambulanse er på staden, politi og brannvesen er på veg. Kun førar i bilen, ukjent skadeomfang, melde Vest politidistrikt på Twitter 09:24.

Klokka 09:45 melder politiet at dei er framme, og at det blir jobba med å få føraren ut av lastebilen.
– Førar er frakta frå staden i ambulanse, medviten, smerter i rygg, skriv dei i ei oppdatering drøye tjue minutt seinare.
NRK melder at sjåføren vart send til sjukehus etter ulukka.
Vegtrafikksentralen melder at eitt felt er stengt. Bilbergar er på staden. Politiet har avslutta sitt arbeid.
Har du tips eller bilete? Send på SMS til 907 03 711 eller på e-post til tips@porten.no.