Nils P. Støyva og Arild Horsevik. Foto: Privat.
meiningar
Nils P. Støyva og Arild Horsevik. Foto: Privat.
meiningar

Nettleiga i fjordfylket er urimeleg høg

KRONIKK: Tilgang på rein energi er ein av dei store føremonene Sogn og Fjordane har framfor andre fylke. Energi er ein av bærebjelkane i næringsutviklinga.

Det er framleis eit stort potensiale for utbygging av både vass- og vindkraft som er den viktigaste fornybare energien. Men utfordringa er at fylket vårt har ei urimeleg høg nettleige samanlikna med andre område av landet. 

LO Sogn og Fjordane krev at Regjeringa får fram ein modell og eit regelverk for utjamning av nettkostander. Dette for å få ei meir rettferdig fordeling av kostnadane med straumnettet. Det er feil at vi som bur i nærleiken av av ein kraftstasjon, må betale mykje meir i netteleige enn dei som bur i eit tett befolka område utan denne type produksjon.  For å kunne lukkast med det grøne skiftet og redusere klimautsleppa, er det viktig å få til ei betre utnytting av kraftressursane våre. Dette vil også auke verdiskapinga og skape arbeidsplassar i fjordfylket. 

Trongen for nettinvesteringar er høgaste i dei områda av landet med størst potensiale for utbygging av fornybar energi. Kostnadane med det regionale forsyningsnettet vil auke med om lag 20 % fram mot år 2020. Fordelinga av denne kostnadsauken er svært ulik mellom landsdelane. Område med store utbyggingar må kunne få dele rekninga med andre. I desse områda kan kostnadsauken i nettet bli på mellom 50 og 100 prosent. Dette vil få store konsekvensar for innbyggarane og næringslivet. Det er urimeleg at Sogn og Fjordane får ein så stor auke i nettkostnadane for å kunne utnytte denne viktige ressursen.

Høge nettariffar i område med mykje fornybar energi, kan også skape incentiv for etablering av kraftforedlande industri i andre område av landet. Avstanden mellom produksjon og forelding av energien vil sjølvsagt auke. I verste fall kan dette medføre utflagging av arbeidsplassar og industri. Dette kan igjen føre til eit enda større trong for investeringar i regionale- og sentrale straumnettet.

Mange hevdar at strukturendring av nettselskap i energibransjen vil løyse tariffskilnadane. Dette er direkte feil. Vi oppnår ikkje effektar ved å slå saman selskap i same “fornybarområde”. Tvert imot kan ei samanslåing virke imot si hensikt. Dette fordi store tariffskilnader kan vere ei sperre for å få til fornuftige strukturendringar. 

På bakgrunn av dette krev LO Sogn og Fjordane ei utjamningsordning for nettleiga mellom ulike landsdelar. Dette for å få ei meir rettferdig og konkurransedyktig nettleige. Vi finn det heilt uakseptabelt at innbyggarane og næringslivet i fjordfylket skal bære ein stor del av nettkostnaden for å nå nasjonale målsettingar. 

Nils P Støyva
Distriktssekretær i LO

Arild Horsevik
Leiar av Sogn og Fjordane Energiforening

Til toppen