DÅRLEGE VILKÅR: – Mange meldingar er knytt til dei dårlege vilkåra til enkelte av selskapa som lokkar med billig straum i spotmarknaden, seier forbrukardirektør Randi Flesland. Illustrasjonsfoto
DÅRLEGE VILKÅR: – Mange meldingar er knytt til dei dårlege vilkåra til enkelte av selskapa som lokkar med billig straum i spotmarknaden, seier forbrukardirektør Randi Flesland. Illustrasjonsfoto (Foto: Truls Grane Sylvarnes. Illustrasjonsbilete. Ikkje frå Aurland)

MEININGAR: Stortingsvalet 2017

Nettleiga må utjamnast

Nettleiga i Sogn og Fjordane er nesten 40 prosent høgare enn landgjennom-snittet. Dette skjer samtidig som vi er den nest største kraftprodusenten i landet. Kan dei partia som vil styre landet vårt snarleg få slutt på dette misforholdet?

Kraftnettet er ein del av infrastrukturen i Norge, på same måte som vegane våre. Medan alle betalar lik nettleige på dei største kraftlinene i Norge (sentralnettleige), går rekninga for alle dei mindre kraftlinene, også dei som fører krafta ut av området, til kundane i det aktuelle nettområdet. Konsekvensen vert at i distrikt med få kundar, krevjande geografi og vanskeleg klima vert nettleiga svært mykje høgare enn til dømes på det sentrale Austlands-området. Nærare 40% for å være eksakt.

Dobbelt misforhold

Som Norges nest største kraftproduserande fylke er det vi som skapar verdiane som går på ut nettet. Det bør dermed være vi som skal ha den lågaste nettleiga. Misforholdet med nettleiga vert ytterligare forverra ved utbygging av ny kraft som krev ny nettutbygging. Sidan kraftressursane i stor grad ligg utanfor dei store byane, eksempelvis i Sogn og Fjordane, må innbyggarar og næringsliv her også i stor grad betale for desse linjene, sjølv om krafta vert brukt andre stadar i landet. Det heile vert toppa av at staten tek inn meirverdiavgift på nettleiga, som naturleg nok vert størst for dei kundane som har den største rekninga i utgangspunktet.

Konkurransevridande

Kostnadsforskjellane er store og aukande. Allereie i dag melder NVE at det er ca 1000 kr per månad i forskjell på dei privatkundane som betalar minst og mest for nettleige. For næringslivet er utslaga sjølvsagt endå større. Dette skjer til tross for at vi er den nest største kraftprodusenten og eksporterer mesteparten av krafta til andre delar av landet. Det er openbart at dagens nettleige modell må være feil. Forskjellane er sterkt konkurransevridande og gjer at vårt næringsliv kjem dårlegare ut enn konkurrentar i dei store byane. Den ulike nettleiga tappar årleg bedriftene våre for ti-talls millionar. Dette er pengar som kunne vore brukt til å trygge eksisterande og skape fleire arbeidsplassar i fylket vårt.

På tide med handling

Dette misforholdet i fordeling av nettleige er mogeleg å gjere noko med. Å få ein standard pris er ei politisk sak som må løysast snarast. Dersom eit politisk fleirtal ynskjer å endre på dette, kan dei gjere det nærast over natta og innføre eit system der ein unngår store forskjellar i nettleiga mellom dei ulike landsdelane..

Sogn og Fjordane Næringsråd er eit felles talerøyr for næringslivet sine interesser. Dette er ei viktig sak for både bedriftene og arbeidsplassane våre. Urimelege nasjonale løysingar og svak politisk handlekraft skal ikkje påføre vårt næringsliv urimelege konkurransevilkår og privatpersonar store urettvise kostnader. Då må vi ta til motmæle med ei samla og kraftig røyst.

Vi utfordrar difor dei politiske partia og deira representantar i fylket til å kome på bana. Kva konkrete og forpliktande løysingar vil ditt parti kjempe for i denne viktige saka for Sogn og Fjordane?

Til toppen