FIRE KOMMUNAR: NHO foreslår at Sogn og Fjordane skal bestå av fire kommunar i framtida. For Årdal og Lærdal sin del betyr det samanslåing med Aurland. Kommunen vil bli heitande Lærdal.
FIRE KOMMUNAR: NHO foreslår at Sogn og Fjordane skal bestå av fire kommunar i framtida. For Årdal og Lærdal sin del betyr det samanslåing med Aurland. Kommunen vil bli heitande Lærdal.

NHO foreslår fire kommunar i Sogn og Fjordane

Sjekk kven Årdal og Lærdal er foreslått å slå seg saman med.

Næringslivets Hovedorganisasjon (NHO) meiner Noreg bør ha 77 kommunar i ei ny utgreiing. For Sogn og Fjordane betyr det fire kommunar. 

– Det er no me skal sjå mot 2050. Då må me innsjå at så små kommunar ikkje har befolkningsgrunnlag for å ivareta befolkninga som blir verande igjen. No har dei moglegheitene til å sikra framtida, seier Kristin Skogen Lund, leiar i NHO.

Kommunereforma har vore og blir eit viktig tema inn mot fylkesting- og kommunestyrevalet neste månad. I dag har Noreg 428 kommunar, men berre tre av desse har bestemt seg for å slå seg saman.

Les også: Ventar med samanslåingspraten til etter utgreiing

ANALYSERT: Kristin Skogen Lund, NHO-sjef, seier dei har sett i gong alle regionkontor og analysert det meste for å finna dei beste samanslåingsløysingane.
ANALYSERT: Kristin Skogen Lund, NHO-sjef, seier dei har sett i gong alle regionkontor og analysert det meste for å finna dei beste samanslåingsløysingane.

Status i Årdal og Lærdal er at dei ventar på ei utgreiing i Sogn Regionråd som skal koma på hausten. I Regionrådet er dei to kommunane med i fleire ulike alternativ, og NHO har plukka ut eitt av desse som det beste – nemleg at Årdal og Lærdal slår seg saman med Aurland.

– Vi har satt i gang alle våre regionkontorer, analysert befolkningsutviklingen og vurdert pendlingstall for å se hvilke innbyggere som tilhører samme arbeidsregion. Ett bo- og arbeidsmarked danner grunnlaget for kommunen, sier hun, og slår fast at man da i realiteten ender opp med et norgeskart bestående av regionkommuner, seier Skogen Lund til VG

Les også: Tida med 428 kommunar er forbi

NHO listar opp fem grunnar til at ein burde ha større og sterkare kommunar, og dette går på effektiv og miljøvenleg arealbruk, betre saksbehandling og auka rettstryggleik, færre kontaktpunkt og meir einheitleg planregime, robuste kommunar og effektiv ressursbruk.

Klikk deg fram til kommuneforslaga til NHO

Til toppen