FRYKTAR: Kristin Skogen Lund i NHO meiner det er ein fare for at E16- og E39-utbyggingane aldri blir gjennomførde. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK
FRYKTAR: Kristin Skogen Lund i NHO meiner det er ein fare for at E16- og E39-utbyggingane aldri blir gjennomførde. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix / NPK

NHO vil ha fortgang i vegbygginga på Vestlandet

NHO fryktar at prestisjeprosjekta på E16 og E39 aldri vil bli realisert fordi dei ikkje er prioriterte i første del av Nasjonal transportplan.

– Vi er jamt over godt fornøgd med ambisjonsnivået og prioriteringane i NTP, men mange viktige vegstrekningar er skovne for langt fram i tid, seier NHO-sjef Kristin Skogen Lund til NTB.

Ho er særleg bekymra for to av dei erklærte prestisjeprosjekta til regjeringa, E39 – Hordfast og E16 Bergen-Voss.

– Vi veit at det økonomiske handlingsrommet blir strammare framover. Det er ikkje vanskeleg å førestille seg at desse strekningane kan bli ytterlegare skovne på eller i verste fall aldri bli bygde ut, seier ho.

– Burde vore prioritert

Ifølgje NHO er problemet at det først ligg inne middel til dei to prosjekta i andre del av planperioden.

– Eg skjønner godt at dette også er eit spørsmål om kapasitet, i den forstand at alt ikkje kan byggjast ut samtidig. Men strekningane det her er snakk om, er så viktige at regjeringa burde ha funne rom for å prioritere dei i den første seksårsperioden av NTP, seier Skogen Lund.

Samferdselsminister Ketil Solvik-Olsen (Frp) meiner kritikken frå NHO er overflødig. Han påpeikar at dei to prosjekta på E39 og E16 ikkje har lege inne med finansiering i nokon tidlegare transportplan.

– Det er bra at NHO er ivrig, men det er rart at dei føler behov for å vise det gjennom eit slikt misvisande utspel. Det er altså ikkje slik at vedtatte prosjekt blir skovne ut i tid, seier statsråden.

Planleggingstid

NHO-sjefen er også kritisk til at regjeringa i NTP ikkje seier eitt ord om at planleggingstida kan halverast frå ti til fem år, noko ho meiner kan skje blant anna gjennom meir bruk av statlege planar, strammar tidsfristar og stikkprøvebasert kvalitetssikring.

– Det verkar ikkje som regjeringa har den same merksemda om dette som tilfellet har vore i tidlegare transportplanar, seier Skogen Lund.

Ho meiner kortare planleggingstid vil kunne føre til at prosjekta på E39 og E16 kjem raskare i gang. Det same vil ifølgje NHO gjelde to av dei viktige utbyggingane på E134 mellom Telemark og Rogaland.

Men også her gir NHO-sjefen eit feilaktig inntrykk, meiner Solvik-Olsen.

– I kapittel fire er det ein lang omtale av arbeidet med å effektivisere prosessane, deriblant bruk av statleg plan. Vi har også kommunisert at både E16 Arna-Voss og E39 Hordfast kan komme i gang i første periode, seier han.

Til toppen