UKVALIFISERTE: Berre ein av ti lærarar er kvalifiserte til dei nye kompetansemåla ved Farnes skule i Årdal. Foto: Arkiv. 
UKVALIFISERTE: Berre ein av ti lærarar er kvalifiserte til dei nye kompetansemåla ved Farnes skule i Årdal. Foto: Arkiv. 

Ni av ti lærarar ved Farnes er ikkje kvalifiserte

I ei undersøking gjort av Utdanningsforbundet i Årdal kom det fram at 90 prosent av lærarane ved Farnes skule ikkje er kvalifiserte for jobben sin med dei nye kompetansekrava. 

Årdal: – Farnes skule kom frykteleg dårleg ut. Det var dramatiske tal over dei som ikkje er kvalifiserte, seier Kjell Arne Vigdal, hovudtillitsvalt i kommunen frå Utdanningsforbundet i Årdal.

Omlag 30.000 lærarar i heile Noreg må no tilbake på skulebenken om dei ønskjer å halde fram i jobben sin når dei nye kompetansekrava vert innført i 2025. 

Les også: Rekordmange lærarar har søkt etterutdanning

– Vilkåra er problemet 

I dei nye kompetansekrava må lærarar ha 30 studiepoeng for å undervisa i kjernefaga norsk, matematikk og engelsk på barneskulen. Lærarar som underviser på ungdomsskulen, må ha 60 studioepoeng i dei tilsvarande faga. 

– Utdanningsforbundet er for kompetanseheving, men her er det vilkåra som er problemet, seier Vigdal. 

Fleire lærarar i Årdal har også søkt om vidareutdanning og fått dette godkjent av kommunen.

– Lærarane må bidra til å kvalifisera seg for jobben dei allereie gjere. Dette burde vera arbeidsgjevar sitt ansvar, seier han. 

Vigdal viser til vikarordninga som skal erstatta lærarane som forsvinn i minst eit halvt år for å ta ekstra studiepoeng. 

– Eit halvt år fulltid på skule tilsvarar 30 studiepoeng. Det blir definert som halv jobb og lærarane blir frikjøpt for 37,5 prosent. Dei resterande 12,5 prosenta må lærarane ta på seg sjølv på fritida. Me i Utdanningsforbundet i Årdal meiner at lærarane burde bli frikjøpt for 50 prosent, seier Vigdal. 

Lærarane vil altså ikkje gå ned i lønn, men bruka fritida si på å kvalifisera seg for for jobben dei i dag gjere. 

– Me meinar at dette burde fullfinansierast både tidsmessig og økonomisk, seier Vigdal. 

Lite midlar til etterutdanning

Årdal har lenge vore ein Robek-kommune, men er no på veg ut av den økonomiske krisa.

– Me har ikkje hatt midlar til å utdanne lærarar tidlegare. Det er først no me er i gong. Stipendordninga til lærarane medføre ein kostnad for kommunen. Ein skulle nesten tru at reise, opphald og studie skulle vere gratis, seier Vigdal. 

Les også: Sp: – Ein trist dag for den norske skulen

Han trur kommunen i større grad vil prioritere å etterutdanne lærarar når dei kjem seg ut av Robek-lista. 

– Det er skulane som styrer med vikarordninga i samarbeid med rådmannen. Samstundes som det er eit alternativ å få inn vikarar, er det ikkje alltid like lett å skaffa folk og det kan by på store utfordringar å få inn vikarar, seier Vigdal. 

Årdal kommune har ikkje lyst ut etter nye vikarar til hausten. 

Bruka lærarar annleis

I ei nyleg undersøking gjort av Utdanningsforbundet i Årdal, kom det fram at 90 prosent av lærarane ved Farnes skule ikkje er kvalifisert for jobben som etter kompetansekrava som trer i kraft i 2025. 

– Me er for kompetanse, men det går ikkje an å stokka lærarar. Kompetansen finst, men me bruka folk annleis. Dei nye krava er retta på eit meir faglærarsystem, seier Vigdal.

På fleire av skulane i Årdal kommune, er det ein aldrande lærarstab. Vigdal spår at fleire av hans kollegaer kjem til å pensjonera seg i løpet av ein tiårsperiode. 

– Det er ein anledning til å få inn nye folk. Bilete er ikkje så dramatisk som ein skulle tru. Det går ei grensa ein plass, seier han. 

Av alle lærarane i Årdal, er det mange som ikkje er kvalifiserte.

– Ein må bruka lærarane annleis. Klasselærar-prinsippet der ein lærar har dei fleste faga i klassen kjem til å forsvinne. Grunnen til at denne ordninga fungera, er fordi elevane ikkje får altfor mange lærarar å forhalde seg til. På ungdomsskulen går det meir ut på faglærar-prinsippet, seier Vigdal.  

 

 

Til toppen