DEPPAR ETTER TAP: G13-laget til Jotun har imponert stort i Norway Cup. Når dei rauk ut i kvarten var det med minst mogleg margin.
DEPPAR ETTER TAP: G13-laget til Jotun har imponert stort i Norway Cup. Når dei rauk ut i kvarten var det med minst mogleg margin. (Foto: Arne Veum)

Berre tre lag frå Sogn kjempar vidare i Norway Cup 

Det byrjar å tynnast ut i rekkene, men sognelaga gir seg ikkje utan kamp. Følg torsdagens kampar her!

Oslo: Ti lag frå Indre Sogn skulle torsdag kjempa om å ta seg til vidare i Norway Cup, sju i A-sluttspelet og tre i B-sluttspelet.

Jotun IL var den einaste klubben som hadde att to lag i A-sluttspelet, G13 og G15.

FRAMLEIS MED: Jotun G15 er klare for 1/8-delsfinale i A-sluttspelet. Der møter dei SC Gjøa frå USA (!). Foto: Privat

Første lag ut i dag var Jotun G13. Mot Nanset i 1/8-delsfinalen måtte det straffespark til for å skilja laga. Lidvin Hestetun og Petter Øren skåra eitt mål kvar i ordinær tid, men i straffekonken vart keeper Sigve Midtun den store helten. Mot Eik Tønsberg i kvartfinalen vart det derimot eit knepent tap 1-2.

J14-laget til Sogndal måtte gje tapt mot Tromsø. Nabobygda Kaupanger greidde derimot å hamla opp med Charlottenlund i den TV2-sende kampen. J17-laget er med det klare for 1/8-delsfinalen i A-sluttspelet.

G17-laget til Jotun er ute av B-sluttspelet etter tap 1-5 mot Drøbak/Frogn i kvartfinalen.

Me følgjer med på alle kampane, men send gjerne bilete, resultat og namn på målskårarar til tips@porten.no. 

Resultat frå sluttspelskampane torsdag: 

Tid Gruppe Klasse Kamp Resultat
To 08:00 D-pulja, A 1/8 G13, 9ar IL Jotun 1-Nanset IL 1  2-2 (Jotun vidare på straffe)
To 09:05 S-pulja, A 1/32 J14, 11ar Sogndal IL-Tromsø IL  0-5
To 10:00 A17-pulja, B 1/4 G17, 11ar  IL Jotun-Drøbak/Frogn IL 1-5 
To 10:00 F-pulja, A 1/4 G14, 7ar Syril IL-Holmen IF 0-5
To 10:05 Q17-pulja, A 1/16 J17, 11ar Kaupanger IL-Charlottenlund SK  4-1
To 10:15 B16-pulja, B 1/8 G16, 11ar Lærdal IL-Hødd IL  0-2
To 11:30 R15-pulja, A 1/16 J15, 11ar IL Bjørn-Røa IL  4-2
To 12:00 U-pulja, A 1/4 J15/16, 7ar Hareid IL-Hafslo IL  3-0
To 13:00 D-pulja, A 1/4 G13, 9ar Eik IF Tønsberg-IL Jotun  2-1
To 13:45 Q17-pulja, A 1/8 J17, 11ar Rising Star FA-Kaupanger IL  0-2
To 16:15 B15-pulja, A 1/8 G15, 11ar SC Gjøa-IL Jotun  1-0
To 16:15 E-pulja, B 1/4 G15/16, 7ar Hafslo IL-Batnfjord IL  7-1
To 16:15 R15pulja, A 1/8 J15, 11ar Nore Neset/Os 1-IL Bjørn  8-0
To 19:15 E-pulja, B 1/2 G15/16, 7ar Hafslo IL-Træff  4-3
Fre 12:00 E-pulja, B- finale G15/16 Tornado/Måløy-Hafslo  
Fre 12:30 Q17, A 1/4 J17, 11ar Kaupanger IL-Herd  
Til toppen