ENORM: Det er ein stor doning som står på golvet i produksjonslokalet til Skrivargarden AS. Den nye, digitale trykkemaskina Versant 2100 er ni meter lang og kosta omlag 1,5 millionar kroner. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen
ENORM: Det er ein stor doning som står på golvet i produksjonslokalet til Skrivargarden AS. Den nye, digitale trykkemaskina Versant 2100 er ni meter lang og kosta omlag 1,5 millionar kroner. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Ni meter lang investering

– Me skal doble omsetnaden i løpet av dei neste fem åra, seier Øyvind Aga, eigar i Skrivargarden AS. For å nå målet hadde dei behov for nytt utstyr.

Årdal: Den ni meter lange digitale trykkemaskina er imponerande i seg sjølv, men arbeidskraften den tilbyr er det mest oppsiktsvekkande. 

På eitt minutt kan maskina trykke 100 fargesider, og ein bunke med heilt ferske magasin er ferdig og klare til bruk etter berre nokre få minuttar. 

– Det er ein av dei raskaste maskinene på marknaden, fortel Aga.

I tillegg til å vera fyrst ute i Sogn og Fjordane med å kjøpe inn ei slik trykkemaskin, utkonkurrerar Skrivargarden også nabofylka Hordaland og Møre og Romsdal på denne typen trykkeutstyr.

Artikkelen held fram under biletet.

HØGTIDELEG: Skrivargarden AS mottok blome frå Jarle Aasheim, representanten til den internasjonale maskinprodusenten Xerox.
HØGTIDELEG: Skrivargarden AS mottok blome frå Jarle Aasheim, representanten til den internasjonale maskinprodusenten Xerox.

Leveringsklar på fem minutt

Ei digital trykkemaskin fungerar omtrent som skrivaren du har heime, der dokumentet blir sendt frå datamaskina til skrivaren når du trykker på "skriv ut". 

Med ny-investeringen til Skrivargarden kan dei no motta ein trykkeklar ordre på e-post frå kunde, sende dokumentet vidare til trykkemaskina, og på fem minuttar er bestillinga klar til levering.

På sin veg gjennom den lange maskina, blir ordren behandla i tråd med instruksane som er registrert digitalt på førehand. Eit magasin byrjar som blanke ark i eine enden, og kjem ut ferdig trykt, kappa, bretta og stifta i andre enden. 

– No kan me trykke eit magasin på 200 sider utan problem, fortel Aga.

Reindyrka produksjonsbedrift

Med sine fire årsverk har Skrivargarden nok å gjere, og dei legg ikkje skjul på at det dei neste åra kan bli snakk om fleire tilsette. 

– Sidan me skal doble omsetnaden, er det naturleg å vurdera fleire årsverk med tida, seier Aga.

Med heile Noreg som nedslagsfelt får det lokale trykkeriet bestillingar frå både kjente og ukjente kundar. 

Artikkelen held fram under biletet.

DOBLING: Eigar av Skrivargarden, Øyvind Aga (t.v) og dagleg leiar Roger Hollevik har som mål å doble omsetnaden dei neste fem åra.
DOBLING: Eigar av Skrivargarden, Øyvind Aga (t.v) og dagleg leiar Roger Hollevik har som mål å doble omsetnaden dei neste fem åra.

– Men det er i Sogn og Fjordane me har hovudtyngda vår, seier Roger Hollevik, dagleg leiar i Skrivargarden AS.

Samstundes har etterspurnaden frå dei lokale i Årdal blitt redusert dei siste åra. Dette forklarar Hollevik med at dei har valgt å satsa utover på ein breiare marknad, samstundes som dei har spissa produksjonen. 

– Dei grepa me har gjort med produksjonen, har nok ein samanheng med den reduserte etterspurnaden. Det er ein begrensa marknad lokalt, seier han.

Viktig med det lokale

Samstundes påpeiker Hollevik kor viktige dei lokale lag og organisasjonar er for Skrivargarden. Trykkeriet får ofte i oppdrag å produsere plakatar, roll-ups, flygeblad og andre profileringsprodukt til lokale arrangement. 

Trykkefaget har endra seg kraftig det siste tiåret, og digitaliseringa av produksjonen er eit faktum. Skrivargarden har tidlegare hatt ein lærling hjå seg, og ynskjer gjerne å ta inn fleire.

Det er litt utfordringar knytt til den vidaregåande utdanninga elevane får i dag, men i løpet av eit eller to år vil det kome nye fag som er retta mot digitalt trykk. Elevar som ynskjer å gå på vidaregåande i Årdal, kan studera teknisk industriproduksjon.

– Denne linja har det grunnleggande i faget, men for å kunne jobbe på eit digitalt trykkeri må ein kunne meir enn berre korleis maskina fungerer. Ein må kunne sjå heilheiten i arbeidet, seier Aga.

Til toppen