NRK: Ni personar tekne i narkoaksjon i Sogn
(Foto: Arkiv)

NRK: Ni personar tekne i narkoaksjon i Sogn

Dei siste vekene er ni personar i 20-30-åra tekne i ein narkoaksjon i Sogn, skriv NRK.

Sogn: I ein bustad fann politiet eit mindre pengebeløp som dei lenker til omsetnad av narkotika, samt 25 gram hasj. Ein er òg teken for å ha kjørt i ruspåverka tilstand.

– Alle er kjenningar av politiet frå tidlegare, og har lagt korta på bordet. Beslaget gjorde at vi aksjonerte mot fleire adresser i Sogn, seier Magne Knudsen, tenestestadleiar i Årdal, til NRK.

Til toppen