MÅLSNIK: Til å vera venstreback har Ole Martin Rindarøy uvanleg god teft framfor mål. Her lobbar han inn 3-1 mot Sarpsborg i fjorårets oppgjer på Fosshaugane, eitt av tre for Sogndal på åtte kampar.
MÅLSNIK: Til å vera venstreback har Ole Martin Rindarøy uvanleg god teft framfor mål. Her lobbar han inn 3-1 mot Sarpsborg i fjorårets oppgjer på Fosshaugane, eitt av tre for Sogndal på åtte kampar. (Bilde: Halvor Farsund Storvik )

Åtte spelarar har forsvunne – i dag var første signeringa i boks for Sogndal

Ole Martin Rindarøy og Sogndal Fotball er samde om ein kontrakt som strekkjer seg ut sesongen 2020.

Sogndal: Eirik Skaasheim, Gilbert Koomson, Chidi Nwakali, Taijo Teniste, Bjørn Inge Utvik, Christophe Psyché, Magnus Pedersen og Kjetil Wæhler har alle takka for seg etter fjorårets nedrykk.

Ole Martin Rindarøy blir den første som kjem inn skyvedørene på Fosshaugane i år, men er slett ikkje er noko nytt bekjentskap for klubben. Rindarøy kom til Sogndal på lån frå Molde i fjor haust.

– Eg er veldig nøgd med å ha signert treårskontrakt. Eg trivst godt her, det er eit godt fotballag og ei god gruppe. Så klart, me rykka ned til OBOS-ligaen, men me skal fort opp igjen, seier Rindarøy i eit intervju med klubben.

Venstrebacken var god i ein ellers tung periode for Sogndal. Tre mål og ein målgjevande vart det på åtte kampar frå start. 

– Det var ein flott haustsesong for Ole Martin i fjor, me er difor glade for at han kjem til Sogndal på permanent overgang frå Molde, seier sportsleg leiar Håvard Flo til klubbens eiga heimeside.

Rindarøy kom til Molde i 2011. I 2014 fekk han debuten i Eliteserien mot Brann. Same året mangla han berre èin kamp frå å bli seriemeister med laget, men vart til gjengjeld cupmeister.

Året etter gjekk han på lån til Start. I 2016 var han igjen leigesoldat, denne gongen for Lillestrøm. Til Sogndal kom han etter eit halvt år tilbake i Molde, der det vart med to kampar for start i serien. No er overgangen gjort permanent.

Til toppen