Lærdal: Kommunen har mange å velje frå etter at den utvida søknadsfristen for stillinga gjekk ut 31. mars. Då var det komen inn ni søkjarar.
Stillinga som kommunalsjef for helse og omsorg har stått ledig sidan 1. februar då tidlegare kommunalsjef Margun Thue skifta jobb.
Søkjarlista inneheld tre kvinner og seks menn. Desse her: Ole Kristian Åsarmoen, Aurland, Iver Olav Sunnset, Hurdal, Eva Slyngstad, Oslo, Morten Røstadbotten, Sogndal, Laurits Thomas Rasmussen, Mathopen, Ingjerd Kristine Lie, Bergen, Arne Johansen, Førde, Janne Dokken, Leikanger og Robert Fossberg, Jessheim.
Dette var andre gongen kommunen lyser ut stillinga etter at tilbodet som blei gitt i januar vart takka nei til.
- Les også: Rekve har fått tilbod som helsesjef
Årsaka til at søknadsfristen vart utsett var på grunn av lite søkjargrunnlag.