NI KJEMPAR: Sidan 16. juni har Statens vegvesen hatt tilbodsipning på elektroarbeid i Filefjelltunnelen. Foto: Statens vegvesen. 
NI KJEMPAR: Sidan 16. juni har Statens vegvesen hatt tilbodsipning på elektroarbeid i Filefjelltunnelen. Foto: Statens vegvesen. 

Ni vil ta elektroarbeidet i Filefjelltunnelen

Sidan 16. juni har Statens vegvesen hatt tilbodsipning på elektroarbeid i Filefjelltunnelen.

Filefjell: Det er ni entreprenørar som kjempar i konkurransen, og pristilboda strekkjer seg frå 29,3 millionar kroner til 77,9 millionar kroner. 

No skal Vegvesenet kontrollrekne tilboda, og det er venta kontraktsignering i juli. 

Det er Mesta som har det billegaste tilbodet, medan Aldesa Construcciones som har levert det dyraste.

Kontrakta omfattar levering og installasjon av elektrisk utstyr i den nær seks kilometer lange tunnelen, samt sette i drift uvêrslys og gatelys som Hæhre monterer på Filefjell.

Det skal monterast rundt 500 tunnellysarmaturar og rundt 230 rømmingslysarmaturar i Filefjelltunnelen. I tillegg inngår mellom anna ventilasjon, naudtelefoner, radioutstyr, 35 km fiberkabel og 50 km sterkstraumskabel i kontrakta. 

– Prisnivået er omtrent slik me hadde forventa, og ni tilbod gjer at det er god konkurranse på elektroarbeida, seier prosjektleiar Odd Erik Haugen.

Det er forventa at monteringa kan starte i januar 2017, slik at tunellen kan opnast hausten 2017 som planlagt. 

Til toppen