LYSPUNKT: Nicolai Laberg spelte ein strålande kamp og vart kåra til banas beste mot Vik, men det hjelpte lite då det var gjestane som stakk av med poenga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.
LYSPUNKT: Nicolai Laberg spelte ein strålande kamp og vart kåra til banas beste mot Vik, men det hjelpte lite då det var gjestane som stakk av med poenga. Foto: Truls Grane Sylvarnes.

Nicolai var lyspunktet for Årdal då Vik heldt fram sigersrekka

Då Nicolai Laberg scora i det 13. minuttet, var det første gongen denne sesongen at Vik-keeperen Stig Road Hovland måtte plukke ballen ut av eige nett.

Årdal – Vik 1-2

Årdal: Den unge Årdal-spelaren har gradvis fått mykje tillit i Årdal-trøya denne sesongen. No har han scora i tre kampar på rad, men tysdag heldt det ikkje til siger mot serieleiar Vik.

For etter at Laberg gav heimelaget leiinga, utlikna Thomas Tveit Hjortland den etter ein halvtime spelt. Gjestane hadde ikkje flust i sjansar, men var dødeleg effektive. Sivert Fjærestad Aase blei dagens helt då han sette inn sigersmålet i det 65. minuttet.

Dermed held den dårlege sesongstarten til årdølene fram, medan Vik stormar vidare i Kretsligaen med full pott etter dei fem første serierundane. 

NYTER TILLIT: Unge Laberg nyter mykje tillit i Årdal denne sesongen og har svart med tre mål på tre kampar. 
NYTER TILLIT: Unge Laberg nyter mykje tillit i Årdal denne sesongen og har svart med tre mål på tre kampar. 

Glad for tillit

Laberg vart kåra til heimelagets beste spelar mot Vik og spelte heile kampen i ein offensiv posisjon. Ungguten er den første som scorar mål på Vik sin keeperveteran denne sesongen.

– Eg tykkjer me spelte ein betre kamp enn Vik, men me fekk det ikkje til i avslutningane. Det var deilig å score mål, seier han.

– Det er godt å få tillit hjå trenarane. Eg føler eg har blitt betre og betre for kvar kamp og at eg har kome meg frå i fjor. 

– Gir blanke f i at smultringen sprakk

Vik sin sisteskanse fekk også bestemannspris. I samtlege 90 minutt skreiv og dirigerte Hovland til han knapt hadde att stemme. Så gale var det på eit tidspunkt at Jonny Skjerven gav han beskjed om å roe seg ned eit hakk. Men etter kampen kunne han og vikjene sleppe jubelen laus.

Artikkelen held fram under biletet.

FEKK BESKJED: Hovland jagde på eigne spelarar heile kampen, og til og med publikum fekk svar. Då sette Jonny Skjerven ned foten. 
FEKK BESKJED: Hovland jagde på eigne spelarar heile kampen, og til og med publikum fekk svar. Då sette Jonny Skjerven ned foten. 

– Dette er heilt magisk. Å slå Årdal her på 16. mai er kanskje noko av det beste eg har vore med på. Her er det litt folk på kampane, litt stemning, og Årdal er jo storebror. Å ta dei på 16. mai – det kan ikkje bli betre, gliser han.

– Korleis var det å sjå smultringen sprekke?

– Det gir eg blanke f i no. Det er litt surt at dei scorar på ein retur, men det er siger som gjeld. No tek me ein kamp av gongen. Dette er moro, og det er difor me held på.

Til toppen