FAKTA OM SLITASJE: Skogane på Kaupanger har blitt populære blant stisyklistar, no er aktiviteten trua av eit føreslått vern. Her frå synfaringa i juni. Frå venstre: Lars Kvisgaard Melbye frå Sogn terrengsykkel, Vidar Gundersen frå Norsk organisasjon for terrengsykling og Tom Dybwad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane.
FAKTA OM SLITASJE: Skogane på Kaupanger har blitt populære blant stisyklistar, no er aktiviteten trua av eit føreslått vern. Her frå synfaringa i juni. Frå venstre: Lars Kvisgaard Melbye frå Sogn terrengsykkel, Vidar Gundersen frå Norsk organisasjon for terrengsykling og Tom Dybwad frå Fylkesmannen i Sogn og Fjordane. (Foto: Halvor Farsund Storvik)

NINA om naturreservata: – Er sensitive for slitasje frå stisykling

Nye undersøkingar frå forskarhald talar for eit strengt vern av skogane på Kaupanger.

– SENSITIVE: Forskar Marianne Evju har undersøkt dei to føreslåtte natturreservata og konkluderer med at dei er sensitive for slitasje.
– SENSITIVE: Forskar Marianne Evju har undersøkt dei to føreslåtte natturreservata og konkluderer med at dei er sensitive for slitasje. Foto: Pressefoto

Kaupanger: Norsk institutt for naturforsking (NINA) har undersøkt kor sårbare stiane i dei to føreslåtte naturreservata på Kaupanger er overfor den stadig meir populære stisyklinga.

Konklusjonen er at «auka sykling venteleg vil føre til vesentleg større slitasjeskadar på delar av stiane». Så lenge slitasjen avgrensar seg til stiane og områda rett ved, skriv dei, vil dei biologiske verneverdiane i områda bli lite påverka.

– Bratte og våte terreng er spesielt sensitive

Unntaket er stiar gjennom kjerneområda der dei biologiske verdiane er større eller meir konstentrerte. «Auka stislitasje, samt tilrettelegging for å redusere slitasjen, vil føre til at områda framstår vesentleg mindre urørt», står det. 

– Dette er stiar som ligg i bratt terreng og som har ein del våte parti. Både bratte og våte terreng er spesielt sensitive for slitasje frå stisykling, seier Marianne Evju, NINA-forskaren som står bak notatet.

Stisyklistane ønskjer at sykling bør vere lov på eksisterande stiar i naturreservata. Som forskar tek ikkje Evju standpunkt til om det ønsket bør bli innfridd:

Kommunen har fått utvida frist

– Det har ikkje eg nokon meining om, det er Fylkesmannen, Miljødirektoratet og Klima- og miljødepartementet som må ta den avgjersla, seier ho.

Forslaget om å opprette naturreservata Rodeholene og Breidesete vart sendt på høyring 8. mai i år. Sogndal kommune har fått utvida fristen for å uttale seg til 25. oktober. Etter det skal Fylkesmannen oppsummere innspela som har kome inn og gje ei tilråding til Miljødirektoratet, før Klima- og miljødepartementet avgjer saka.

Fordi det er eit frivillig vern kan grunneigar når som helst trekke fredinga. 

 

Til toppen