GODT I GANG: Arbeidet med å få ferdig Nivla kraftverk i Råsdalen i Lærdal er godt i gang. Etter planen skal det stå ferdig til testing i mai 2016. Foto: Østfold Energi.
GODT I GANG: Arbeidet med å få ferdig Nivla kraftverk i Råsdalen i Lærdal er godt i gang. Etter planen skal det stå ferdig til testing i mai 2016. Foto: Østfold Energi.

Nivla kraftverk blir ferdig våren neste år

Arbeidet med Nivla kraftverk er godt i gang og er venta ferdig våren 2016.

Lærdal: I ganske nøyaktig eitt år har byggeprosessen med Nivla kraftverk pågått. Det er Nivla Kraft AS, som er eigd av Østfold Energi og grunneigarar langs Nivlavassdraget, som har fått konsesjon til byggja kraftverket i Råsdalen i Lærdal.

I haust er sjølve kraftstasjonen og røyrgata i ferd med å kome på plass, og etter planen skal anlegget setjast i prøvedrift i mai 2016 og ordinær drift månaden etterpå.

– Dette er eit kraftverk som vil ha størst produksjon seint på våren og om sommaren. Då er snøsmeltinga i gong og vannføringa i elva er betydeleg høgare enn elles i året. Samla sett reknar me med at anlegget vil ha ein årleg produksjon på om lag 12 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til rundt 600 husstandar, seier direktør for vasskraft i Østfold Energi, Morten Karlsen.

GRAVD NED: Røyrgata vert gravd ned slik at ho ikkje skal synast i naturen.
GRAVD NED: Røyrgata vert gravd ned slik at ho ikkje skal synast i naturen.

Lokal entreprenør

Det er den lokale entreprenøren Oskar Brugrand AS som har fått jobben å byggje kraftverket, som vil kosta rundt 60 millionar kroner. 

– Å nytta ein lokal hovudentreprenør er ein fordel både for utbyggjar og lokalsamfunnet, seier Karlsen, som meiner at utbyggjinga vil sikra Lærdal både arbeidsplassar og eit langsiktig næringsgrunnlag.

Store investeringar

Dette er det tredje småkraftprosjektet Østfold Energi er involvert i dei suste fem åra i Lærdal. Samla er det investert 250 millionar kroner i kraftproduksjon på desse åra.

– Lærdal kommune er positive til småkraft som ein del av næringsgrunnlaget i kommunen og er ein svært god samarbeidspartner. 

– Kraftverket inneberer også ei framtidig økonomisk sikring for dei lokale grunneigarane. Når Nivla kraftverk er nedbetalt, vil det gi gode inntekter til aksjonærane, der 40 prosent bur og jobbar i område. Det vil gi økte skatteinntekter til kommunen, både direkte gjennom eigedomsskatt og indirekte gjennom arbeidsplassar, seier Karlsen vidare. 

Minstevassføring

Elva Nivla startar i Øyridalen og renn nedover Råsdalen før ho har sitt endelege utløp i Lærdalselvi. Kraftverket hentar vatnet frå inntaksdammen på Kollsete, der det vert leia gjennom ei 2,1 kilometer lang røyrgate ned til kraftstasjonen.

Det er fastsett krav til minstevassføring slik at det alltid skal renne vatn i elva, og røyrgata er gravd ned. På grunn av verdifull vegetasjon i området, vert det teke spesielle omsyn. 

Til toppen