MEIR PENGAR: – Tør du å ta noko meir langsiktig fornuftig risiko på sparinga di, kan du også forvente høgare avkastning over tid, seier Adm. direktør i VFF, Bernt S. Zakariassen. Illustrasjonsfoto 
MEIR PENGAR: – Tør du å ta noko meir langsiktig fornuftig risiko på sparinga di, kan du også forvente høgare avkastning over tid, seier Adm. direktør i VFF, Bernt S. Zakariassen. Illustrasjonsfoto 

NM i fondssparing: Mest risikovillige i Sogn og Fjordane

Statistikk frå Verdipapirfondenes Forening (VFF) viser at vestlendingar og nordlendingar har ein større del av fondssparinga si i aksjefond enn austlendingane. 

Sogn og Fjordane toppar lista der 80 prosent av innbyggjarane har fondssparinga si i aksjefond, og 20 prosent i andre typar verdipapirfond, går det fram av ei pressemelding frå Sparebanken Sogn og Fjordane.

Undersøkinga har sett på sparing i verdipapirfond per innbyggjar for alle norske fylke og kommunar, og den viser at det er stor variasjon mellom fylka. På topp tronar Rogaland og Oslo der det er meir privat sparekapital enn i resten av landet.

Store skilnader mellom kommunane

Når det kjem til aksjefond er det Sogn og Fjordane som har forholdsvis størst andel plassert i denne fondstypen. Internt i fylket er det òg store skilnader. I Solund har kvar innbyggar i snitt 32 248 kroner i fond. I den andre enden ligg Selje med 9 727 kroner. Gjennomsnittet for Sogn og Fjordane er 23 209 kroner.

Gunnar Heggheim er leiar for investeringssenteret i Sparebanken Sogn og Fjordane, trur bakgrunnen kan vere at innbyggjarane her i fylket generelt er flinke til å spare, og at dei tenkjer langsiktig med sparinga si.

– Kanskje har vi også fått med oss at sparing til pensjon blir svært viktig for alle framover. Aksjefond, særleg via månadlege spareavtalar, er eit produkt som høver svært godt til slik langsiktig sparing, seier han.

- Vestlendingane har skjønt det

Adm. direktør i VFF (Verdipapirfondenes forening), Bernt S. Zakariassen meiner at tala frå Sogn og Fjordane viser at vestlendingane har forstått at risiko og avkastning heng saman, og derfor torer å ta større risiko på sparepengane sine.

– Tør du å ta noko meir langsiktig fornuftig risiko på sparinga di, kan du også forvente høgare avkastning over tid, seier han.

Til toppen