KONTROLL: Kontrollstatsjonen på Håbakken er berre ein av kontrollstasjonane i fylket der Vegvesenet no har auka innsats mot tungtransporten i takt med vinterkulda. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen
KONTROLL: Kontrollstatsjonen på Håbakken er berre ein av kontrollstasjonane i fylket der Vegvesenet no har auka innsats mot tungtransporten i takt med vinterkulda. Arkivfoto: Ina Eirin Eliassen

No aukar kontrollane av tungtransporten

Berre torsdag kveld fekk 18 førarar gebyr for bruk av sommardekk. I tillegg stakk ein førar av frå ein tungbilkontroll på E16 på Håbakken. 

Lærdal: Føraren som stakk av frå tungbilkontrollen under ein tungbilkontroll på vegtrafikksentralen på Håbakken på E16, vart politimeld etter hendinga. I tillegg fekk 18 førar gebyr fordi dei enno ikkje har lagt om til vinterdekk. 

Brytningstid mellom haust og vinter

MEIR KONTROLLAR: Tormod Gausdal,  seksjonsleiar for køyretøyseksjonen i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane.
MEIR KONTROLLAR: Tormod Gausdal,  seksjonsleiar for køyretøyseksjonen i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane.

Tormod Gausdal,  seksjonsleiar for køyretøyseksjonen i Indre Hordaland og Sogn og Fjordane, seier til Porten.no, at dei nærast køyrer kontrollar dagleg på Håbakken i desse dagar. Her blir alle tyngre køyretøy vinka inn og må innom vekta. Vegvesenet gjer så sine vurderingar, før nokre blir plukka ut til nærare kontroll. 

– Me er heilt klart i ein overgangsfase, der snøen har latt vente på seg og folk skiftar vinterdekk altfor seint. Med vinterforhold over fjellovergangane går me sterkare ut no for å kontrollere gjennomgangstrafikken mellom aust og vest, då det er krav til at alle tunge køyretøy skal ha vinterdekk, seier Gausdal. 

Strengare krav 

Håbakken er berre ein av kontrollstasjonane i fylket der Vegvesenet no har auka innsats mot tungtransporten. 

– Er vêrtilhøva over særleg Hemsedalsfjellet dårleg, står me gjerne på Borlaug der me i tillegg pålegg tungtransport om å legge på kjetting før dei skal over, fortel Gausdal. 

I fjor vart det gitt ein del dispensasjonar for manglande vinterdekk, då det ikkje fantes vinterdekk i alle dekkdimensjonar. No er den tida forbi, då dekkprodusentane har kome etter og no lagar vinterdekk i dei fleste dekkdimensjonane. 

Difor forklarar Gausdal at sjølv om 18 førarar fekk gebyr for sommardekk torsdag kveld, ikkje nødvendigvis betyr at fleire syndar med dekkbyte, men at kontrollane rett og slett har vorte strengare samanlikna med tidlegare år. 

Til toppen